Oppgitt forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato er feil
F277-2 / MAGNET_EDAG-277-2
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt eit negativt beløp i forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato.
Feilmeldinga kan komme av at du har brukt feil forteikn på beløpet du har oppgitt på forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato. Forskotstrekket per lønnsutbetalingsdato skal vere eit positivt beløp eller 0.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Endr forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato for månaden til eit positivt beløp. Beløpet skal vere summen av alle forskotstrekk for alle inntektsmottakarane for den same månaden, men med positivt forteikn.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Viss du har sendt fleire a-meldingar for månaden, kan det vere lurt å ta ut ein avstemmingsrapport (A06 / A07). Då får du oversikt over kva som er sendt inn totalt for månaden, også per inntektsmottakar.
Døme
Ein butikk sender a-melding for februar. Det er oppgitt at butikken totalt for februar skal betale -10 000 kroner i sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato (negativt beløp).
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-277-2 fordi oppgitt beløp å betale er negativt.
|
Butikken sender ei a-melding og justerer sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato: |
|
|
Lønnsutbetalingsdato |
15. februar |
|
Sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato |
20 000 |
I tillegg oppgir dei alle andre obligatoriske opplysingar.
Totalt for februar har dei no oppgitt 10 000 (-10 000 + 20 000) i sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato.