Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding
  3. Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG)

Opplysningar om arbeidsforhold manglar

  • Oppdatert: 07.12.2018

F108 / MAGNET_EDAG-108

    Kvifor denne feilmeldinga

    Den førre månaden gav du opplysningar om eit arbeidsforhold du ikkje har teke med i a-meldinga denne månaden.


    Feilmeldinga kan kome av at du har: 

    • gløymt å oppgi arbeidsforholdet denne månaden
    • gløymt å setje sluttdato på eit arbeidsforhold som er avslutta
    • oppgitt to arbeidsforhold førre månad på ein tilsett som berre har eitt arbeidsforhold, til dømes at du har sendt a-melding frå lønnssystem og direkte i Altinn (A01)
    • oppgitt arbeidsforholdet på ei anna verksemd i førre månad
    • retta a-meldinga ein månad tilbake i tid (gjeld til dømes om du har lagt inn opplysningar om startdato for nokon som begynner i august i a-meldinga for mai og ikkje gjort det same i a-meldinga for juni.)


    Merk!
    Oppgi arbeidsforholdet kvar månad så lenge det er aktivt sjølv om inntektsmottakaren ein månad ikkje har teke imot lønn eller andre ytingar. Det er først når du har oppgitt sluttdato på arbeidsforholdet, og sluttdatoen er passert, at du ikkje skal ta oppatt arbeidsforholdet lenger.

     

    Sjå òg:

    Byte lønnssystem

     

    Må du rette

    Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.

    Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga. 

    Alvorsgrad: Omgåande

    Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil

     

    Slik rettar du

    1. Finn arbeidsforholdet som manglar i a-meldinga. Gjeld arbeidsforhold der du ikkje har oppgitt sluttdato.

    2. Før opp arbeidsforhold som manglar, eller før opp sluttdato på arbeidsforholdet dersom den tilsette har slutta.

    3. Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Døme – gløymt å føre opp arbeidsforholdet

    Ein butikk sender a-melding for februar med opplysningar om arbeidsforholdet til Kari. A-meldinga for mars inneheld ikkje desse opplysningane.

    Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-108 fordi opplysningar om arbeidsforholdet til Kari manglar i a-meldinga for mars. Dei har gløymt å oppgi arbeidsforholdet.

    A-melding for mars
    Butikken oppgir desse opplysningane om arbeidsforholdet til Kari:

    Inntektsmottakar  Kari
    ArbeidsforholdsID  20
    Type arbeidsforhold ordinært
    Startdato på arbeidsforhold 1. februar
    Yrkeskode  5221 126
    Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling 37,5
    Stillingsprosent  100
    Siste dato for endring av stillingsprosent 1. februar

    Dei fører opp same arbeidsforholdsID som tidlegare.

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

    Døme – gløymt å setje sluttdato på eit arbeidsforhold som er avslutta

    Ein butikk sender a-melding for februar med opplysningar om arbeidsforholdet til Per. Han slutta 20. februar 2017, men butikken gløymde å føre opp sluttdatoen. A-meldinga for mars inneheld ikkje arbeidsforholdsopplysningane til Per.

    Butikken får feilmeldinga MAGNET_EDAG-108 fordi opplysningar om arbeidsforholdet til Per manglar i a-meldinga for mars. Dei har gløymt å setje sluttdatoen.

    A-melding for februar eller mars
    Butikken oppgir desse opplysningane om arbeidsforholdet til Per:

    Inntektsmottakar  Per
    ArbeidsforholdsID  30
    Type arbeidsforhold ordinært
    Startdato på arbeidsforhold 1. februar 2010
    Yrkeskode  5221 126
    Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling 37,5
    Stillingsprosent  100
    Siste dato for endring av stillingsprosent 1. februar 2015
    Sluttdato på arbeidsforholdet 20. februar 2017

    Dei fører opp same arbeidsforholdsID som tidlegare.

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    Døme – byte av arbeidsstad

    Emma jobbar i eit transportselskap som har verksemder i Hamar og Lillehammer. I februar sluttar Emma i jobben i Hamar og byrjar å jobbe i verksemda i Lillehammer.

    Transportselskapet får feilmeldinga MAGNET_EDAG-108 fordi opplysningar om arbeidsforholdet til Emma manglar i a-meldinga for Hamar i mars. Dei har gløymt å setje sluttdatoen.

    A-melding for februar eller mars
    Transportselskapet oppgir desse opplysningane om arbeidsforholdet til Emma i Hamar:

    Inntektsmottakar  Emma
    ArbeidsforholdsID  60
    Type arbeidsforhold ordinært
    Startdato på arbeidsforhold 1. desember 2006
    Yrkeskode  4114 105
    Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling 37,5
    Stillingsprosent  100
    Siste dato for endring av stillingsprosent 1. desember 2006
    Sluttdato på arbeidsforholdet 10. februar 2017

    Dei fører opp same arbeidsforholdsID som tidlegare.

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring