Permisjonsprosent manglar
F192 / MAGNET_EDAG-192
Kvifor denne feilmeldinga
Det manglar opplysningar om permisjonsprosent på ein permisjon eller permitteringsprosent på ei permittering.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for ein permisjon eller permittering som manglar opplysninga og før opp permisjonsprosent eller permitteringsprosent.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein skule sender a-melding for januar med opplysningar om permisjon for Lise.
Dei får tilbakemeldinga MAGNET_EDAG-192 fordi opplysninga om Lise sin permisjonsprosent manglar.
Skulen oppgir denne permisjonsprosenten for Lise: | |
Permisjonsprosent | 100 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.