Ugyldig identifikator for hovedeining
F103 / MAGNET-000096
Kvifor denne feilmeldinga
Nummeret du har brukt for å identifisere den du sender a-melding for, tilhøyrer ikkje ei hovedeining eller person.
Dette kan til dømes kome av at du har:
- oppgitt organisasjonsnummer for undereininga i staden for hovedeininga
Opplysningspliktig skal identifiserast med organisasjonsnummer tilhøyrande ei hovedeining, fødselsnummer eller D-nummer.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller nummeret du har brukt og endre til eit gyldig nummer. Gyldige nummer er organisasjonsnummer tilhøyrande ei hovedeining, fødselsnummer eller D-nummer.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.