Ugyldig identifikator for undereininga
F107B / MAGNET_EDAG_107B
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt eit ugyldig organisasjonsnummer for undereininga.
Dette kan til dømes kome av at du har:
- gløymt eit siffer
- skrive eit siffer feil
- oppgitt feil organisasjonsnummer for undereininga
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for eit organisasjonsnummer du har brukt for undereininga og endre til eit gyldig nummer. Du finn gyldige organisasjonsnummer i Einingsregisteret, sjå www.brreg.no.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.