Ugyldig identifikator for undereininga (289)
F289 / MAGNET_EDAG_F289
Feilmeldinga gjeld ikkje etter oktober 2020
Feilmeldinga er gyldig for perioden 01-2020 til 10-2020. Frå periode 10-2020 er regelen erstatta av F290.
Kvifor denne feilmeldinga
Du har brukt organisasjonsnummeret til hovudeininga, både for hovedeininga og undereininga. Når du rapporterer arbeidsforhold av typen ordinært, maritimt eller frilansar, kan du ikkje bruke organisasjonsnummeret for hovudeininga som undereining.
I Brønnøysundregistera/Einingsregisteret er føretaket ditt registrert med hovudeining og minst éi undereining. Dersom du rapporterer arbeidsforhold av typen ordinært, maritimt eller frilansar, skal du alltid knyte arbeidsforholda til nummeret på ei undereining.
Retting
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgradar for feil
Slik rettar du
- På nettsidene til Brønnøysundregistera kan du finne kva for organisasjonsnummer du skal bruke for undereiningane dine. Søk på namnet eller organisasjonsnummeret til hovudeininga di. Nedst på den neste sida finn du opplysningar om tilknytte undereiningar under overskrifta "Tilknytte einingar".
- Når du har funne organisasjonsnummer for undereininga, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i systemet.
Her finn du meir informasjon om bruk av rett organisasjonsnummer i a-meldinga.