Ugyldig landkode for internasjonal identifikator
F510 / MAGNET_EDAG-510
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt NO (Noreg) som landkode under internasjonal ID.
Internasjonal ID skal brukast i tilfelle der inntektsmottakaren ikkje har d-nummer eller fødselsnummer, og landkoden skal då seie kva land som har utstedt ID-nummeret. Det kan ikkje være Noreg.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneholder alvorlige feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må retta feilen innan fristen for levering av a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvisning
Sjå oversikt over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn staden(e) der du har oppgitt landkode NO.
- Endre til riktig landkode
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du bruker eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren om du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit universitet sender a-melding for mai med landkode NO (for Noreg) på internasjonal identifikator for Eva.
Dei får avvik MAGNET_EDAG-510 fordi NO ikkje er ein gyldig landkode for internasjonal identifikator.
Universitetet endrar til riktig landkode.
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.