Ugyldig permisjonsID
F192C / MAGNET_EDAG-192C
Kvifor denne feilmeldinga
Du har gløymt å føre opp permisjonsID på ein permisjon eller permitteringsID på ei permittering.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du opp
- Kontroller kva for ein permisjon eller permittering som manglar ID og oppgi ein ID som ikkje er nytta tidlegare.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein skule sender a-melding for mai med opplysningar om Per som er i permisjon.
Dei får tilbakemeldinga MAGNET_EDAG-192C fordi opplysninga om permisjonsID manglar.
Skulen oppgir denne permisjonsIDen for permisjonen til Per: | |
PermisjonsID | 10 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.