Ugyldig verdi
F230B / MAGNET_EDAG-230B
Kvifor denne feilmeldinga
ArbeidsforholdsID er oppgitt på lønn eller anna yting.
Feilmeldinga kan til dømes kome av at du har:
- laga ditt eige system å sende a-melding frå og brukt eit gammalt format
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Fjern opplysninga om arbeidsforholdsID på lønna eller ytinga.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit lite gründarselskap sender a-melding for juni med opplysningar om Fatima og oppgir arbeidsforholdsID 10 knytt til timelønna hennar. Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-230B fordi dei har ført opp arbeidsforholdsID her.
For å rette feilen fjernar dei opplysningane om arbeidsforholdsID på timelønna.