No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no
Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).
Ugyldig verdi
F268 / MAGNET_EDAG-268
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt finansskatt på lønn for 2015 og/eller 2016. Nemninga kan ikkje nyttast for den perioden
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt feil månad for a-meldinga
- ein oppgitt finansskatt på lønn før det tok til å gjelde Finansskatt på lønn gjeld frå og med 2017
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Fjern opplysning om finansskatt på lønn for 2015 og/eller 2016, eller endre månad for når a-meldinga gjeld.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.