Ugyldig verdi
F269 / MAGNET_EDAG-269
Kvifor denne feilmeldinga
Du har gløymt å oppgi type arbeidsforhold på ein inntektsmottakar.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for eit arbeidsforhold opplysningane manglar på og oppgi type arbeidsforhold. Dersom du er usikker på kva type du skal bruke, sjå Vel rett type arbeidsforhold.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – opplysningar om type arbeidsforhold manglar
Eit transportfirma sender inn a-melding for juni med opplysningar om Lise sitt arbeidsforhold.
Transportfirmaet får feilmeldinga MAGNET_EDAG-269 fordi det manglar opplysningar om type arbeidsforhold på Lise.
Transportfirmaet fører opp rett type arbeidsforhold for Lise: | |
Type arbeidsforhold | ordinært |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.