Ulogisk periode
F248 / MAGNET_EDAG-248
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein startdato som er etter sluttdatoen for ein periode knytt til eit beløp. Perioden som er feil gjeld etterbetalingar av pensjonsytingar eller inntekt på norsk kontinentalsokkel.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- ført opp feil startdato eller feil sluttdato
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller start- og sluttdatoen du har oppgitt, og endre slik at sluttdatoen kjem etter startdatoen.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – feil i dato
Ein butikk sender ei a-melding for mai med opplysningar om Per si etterbetaling av ein pensjon og livrenter i arbeidsforhold. Dei fører opp startdato for etterbetalingsperioden 31. desember og sluttdato 1. januar.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-248 fordi sluttdatoen er før startdatoen.
A-melding for mai
Butikken endrar datoane til:
Startdato etterbetalingsperiode | 1. januar |
Sluttdato etterbetalingsperiode | 31. desember |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.