Ulogisk periode for permisjon
F192B / MAGNET_EDAG-192B
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein startdato for permisjonen eller permitteringa som er etter sluttdatoen.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- tasta feil dato
- oppgitt feil startdato på permisjonen
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller start- og sluttdatoen du har oppgitt, og endre slik at sluttdatoen kjem etter startdatoen.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ei produksjonsbedrift sender a-melding for mai med opplysningar om permisjonen til Leo. Dei oppgir startdatoen på permisjonen til 1. juni og sluttdato 1. mai same året.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-192B fordi sluttdatoen for permisjonen er før startdato for permisjonen. I dømet rettar du sluttdato til 31. desember
Produksjonsbedrifta endrar sluttdato på permisjonen for Leo til: | |
Sluttdato på permisjonen | 31. desember |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.