Ulogisk startdato på arbeidsforholdet
F284 / MAGNET_EDAG-284
Kvifor denne feilmeldinga
Startdatoen som er oppgitt for arbeidsforholdet, er før fødselsdatoen til inntektsmottakaren.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- oppgitt feil startdato på arbeidsforholdet.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp.
A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgradar på feil
Slik rettar du
- Kontroller startdatoen på arbeidsforholdet som du har ført opp i a-meldinga.
- Rett datoen og send inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit snikkarfirma sender a-melding for mai med opplysningar om Olav som akkurat har byrja å jobbe der. Dei opplyser at startdato er 01.12.1918.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-284 fordi opplyst startdato på arbeidsforholdet er før tidspunktet Olav er fødd. Olav er fødd 23.10.1967. Snikkarfirmaet sender inn ei ny a-melding med korrekt startdato.
Snikkarfirmaet endrar startdatoen på arbeidsforholdet: | |
MeldingsID | 2 |
Norsk identifikator | Olav sitt fødselsenummer |
Startdato på arbeidsforholdet | 01.12.2018 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysingar.