Lønn til privatpersonar for arbeid i oppdragsgivaren sin heim
Gjeld lønn og andre godtgjersler til privatpersonar for arbeidsoppdrag i heimen til oppdragsgivaren, når du som privatperson er arbeidsgivar.
Kort om lønn til privatpersonar for arbeid i heimen til oppdragsgivaren
Før opp lønn og andre godtgjersler for arbeid i heimen til oppdragsgivaren. Gjeld berre private arbeidsgivarar, og skal berre nyttast for utbetalingar du ikkje har plikt til å betale arbeidsgivaravgift av. Gjeld òg for utbetalingar til verje etter verjemålslova § 30, når utbetalinga skjer frå den verjetrengande.
Les meir om lønna arbeid i heimen
Les meir om lønn betalt under 60 000 i året
Melding om lønna arbeid i heimen eller ordinær a-melding
Korleis du kan sende opplysningane, kjem an på kor mykje du betaler ut i løpet av eit inntektsår. Du finn informasjon om beløpsgrensene på skjemasida.
Du kan ikkje bruke skjema for lønna arbeid i heimen (A04) dersom du har gitt pengegodtgjersler for å dekkje utgifter utanom lønna, eller gitt andre naturalytingar som kost og losji. Då må du sende ei ordinær a-melding (A01 eller A02). Feriepengar vert oppgjeve på same måte som kontant løn.
Til skjemasida for melding om lønna arbeid i heimen (A04)
Dersom du sender inn ei ordinær a-melding (A01 eller A02) må du føre opp deg sjølv med ditt fødsels- og personnummer/d-nummer som arbeidsgivar. Du kan ikkje betale ut denne typen lønn frå eit firma du har ført opp med eit organisasjonsnummer.
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å førehandsutfylle skattemeldinga og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk