Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Organisasjonsnummer

Organisasjonsnummer i offentleg sektor

  • Oppdatert: 28.02.2018

Kva for organisasjonsnummer du skal bruke for offentleg sektor i a-meldinga.

    Kort om organisasjonsnummer for offentleg sektor i a-meldinga

    I a-meldinga skal du identifisere den du sender a-melding for, vanlegvis ved å oppgi juridisk organisasjonsnummer. Den som har tilsette, skal òg føre opp organisasjonsnummer for verksemda, også kalla verksemdsnummer.

    Offentleg sektor kan i tillegg til juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemda, ha eitt eller fleire organisasjonsledd som òg har eigne organisasjonsnummer.

    Diagram. Oppgi juridisk organisasjonsnummer for hovedenheten og organisasjonsnummer for virksomhet, for virksomhet C. Oppgi organisasjonsnummer for organisasjonsledd og organisasjonsnummer for virksomhet, for virksomhetene A og B. Teksten i artikkelen forklarer dette nærmere.
    Modell: organisasjonsnummer i offentlig sektor.


    Kva for nummer du kan bruke for å identifisere den du sender a-meldinga for, og som du fører opp som opplysningspliktig, kjem an på om du sender a-melding frå kommunal eller statleg sektor.

     

    Tilsette skal knytast til organisasjonsnummer for verksemd

    For verksemder med tilsette skal alltid dei tilsette knytast til eit organisasjonsnummer for verksemder, ikkje til organisasjonsnummeret som høyrer til organisasjonsforma Stat, Komm, Fylk, organisasjonsledd og ADOS (desse organisasjonsformene finst berre for offentleg sektor). Gjeld både kommunal og statleg sektor.

    Har du ikkje organisasjonsnummer for verksemda? Sjå brreg.no og på altinn.no viss du ønskjer meir informasjon og søknadsskjema.

     

    Kommunal sektor

    Dersom du sender a-melding frå kommunal sektor skal du bruke juridisk organisasjonsnummer for å identifisere den du sender a-meldinga for (opplysningspliktig). Arbeidsforholda til dei tilsette skal du knyte opp mot organisasjonsnummer for verksemda.

    Diagram. Oppgi juridisk organisasjonsnummer for opplysningspliktig kommune. Oppgi organisasjonsnummer for virksomhet, for virksomhetene A, B og C. Teksten i artikkelen forklarer dette nærmere.
    Modell: bruk av juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for virksomhet, i kommunal sektor.

     

    Døme på bruk av organisasjonsnummer

    Ein kommune er registrert i Einingsregisteret som vist i figuren ovanfor.  Kommunen skal bruke det juridiske organisasjonsnummeret til «Opplysningspliktig – kommune» når dei sender inn a-melding.

    Arbeidsforholda til dei tilsette skal knytast til Verksemd A, Verksemd B og Verksemd C med kvart sitt organisasjonsnummer for verksemda.  Kommunen skal ikkje føre opp organisasjonsnummeret til «Organisasjonsledd – kommune» i a-meldinga.

     

    Statleg sektor

    Sender du a-melding frå statleg sektor kan du bruke organisasjonsnummeret som høyrer til organisasjonsleddet for å identifisere den opplysningspliktige. Arbeidsforholda til dei tilsette skal du knyte opp mot organisasjonsnummer for verksemda.

    Diagram. Oppgi juridisk organisasjonsnummer for opplysningspliktig departement og organisasjonsnummer for virksomhet, for virksomhet C. Oppgi organisasjonsnummer for organisasjonsledd, for opplysningspliktig direktorat og organisasjonsnummer for virksomhet, for virksomhetene A og B. Teksten i artikkelen forklarer dette nærmere.
    Modell: bruk av juridisk organisasjonsnummer, organisasjonsnummer for organisasjonsledd og organisasjonsnummer for virksomhet, i statlig sektor.

     

    Døme på bruk av organisasjonsnummer i offentleg sektor

    Eit departement er registrert i Einingsregisteret som i modellen ovanfor. 

    Når direktoratet sender ei eiga a-melding, nyttar dei «Organisasjonsledd-direktorat» som juridisk organisasjonsnummer. Arbeidsforholda til dei tilsette knyter ein opp mot organisasjonsnummer for verksemder A og verksemd B.

    Når departementet sender ei eiga a-melding, nyttar det «Opplysningspliktig-departement» som juridisk organisasjonsnummer. Arbeidsforholda til dei tilsette skal knytast opp mot organisasjonsnummer for verksemder C.

     

    Rette feil

    Sjå rette feil i juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemder

     

    Sjå òg

    Arbeidsforhold ved kommunesamanslåing

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    Alle opplysningar i a-meldinga er knytte til eit juridisk organisasjonsnummer (eventuelt organisasjonsnummer for organisasjonsledd). Dette nyttar ein når opplysningar i a-meldinga blir distribuert til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten. 

    Opplysningar om organisasjonsnummer for verksemder, saman med opplysningar om arbeidsforhold, skal overførast til Aa-registeret. Aa-registeret gir ei oversikt over kva for arbeidstakarar som er tilsette i kvar einskild verksemd.

    Offentlege myndigheiter som NAV, Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå, Arbeidstilsynet og politietaten nyttar opplysningar frå Aa-registeret til oppgåveløysing og kontroll.

     

    Aktuelt regelverk

    • Enhetsregisterloven

    • Forskrift om registrering i Enhetsregisteret

    • Forskrift om AA-registeret

    Viktig informasjon

    Frå 2023 sluttar a-ordninga å bruke begrepa juridisk organisasjonsnummer og verksemdnummer. Opplysningspliktiges juridiske eining omtales no som hovedeining, og verksemda dei driv omtales som undereining.  

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring