ArbeidsforholdsID manglar
F242 / MAGNET_EDAG-242
Kvifor denne feilmeldinga
Du har ført opp eitt eller fleire arbeidsforhold utan arbeidsforholdsID. Når ein inntektsmottakar har fleire arbeidsforhold i den same undereining må ein skilje arbeidsforholda frå kvarandre ved å gi dei ein unik ID.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- ført opp fleire arbeidsforhold på éin inntektsmottakar utan arbeidsforholdsID
For arbeidsgivarar som rapporterer både vanleg lønn og pensjon til arbeidstakar
Ver merksam på at du ikkje kan kombinere arbeidsforholdstypen "pensjon og andre ytingar som ikkje er i eit arbeidsforhold eller oppdrag" med andre typar arbeidsforhold. Dersom den tilsette har eit vanleg arbeidsforhold og er delvis pensjonert skal du berre rapportere arbeidsforhold av typen "ordinært" eller "maritimt".
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn arbeidsforholdet som manglar ID og oppgi ein unik arbeidsforholdsID for kvart arbeidsforhold.
- Fjern arbeidsforhold av typen "pensjon og andre ytingar som ikkje er i eit arbeidsforhold eller oppdrag" dersom du har kombinert dette med eit "ordinært" eller "maritimt" arbeidsforhold.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar.
Døme
Ein skule sender a-melding for juni med opplysningar om Per som har to arbeidsforhold på skulen, eit arbeidsforhold som gjeld administrativt arbeid, og eit arbeidsforhold som gjeld undervisning.
Dei får tilbakemeldinga MAGNET_EDAG-242 fordi opplysningane om arbeidsforholda ikkje kan skiljast frå kvarandre.
Skulen legg til desse opplysningane om arbeidsforholdet med administrativt arbeid for Per: | |
ArbeidsforholdID | 10 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Dei legg òg til desse opplysningane om arbeidsforholdet med undervisning for Per: | |
ArbeidsforholdsID | 20 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.