Avvik frå opplysningar i Einingsregisteret
F109A / MAGNET_EDAG-109A
Kvifor denne feilmeldinga
Den du sender a-melding for ei hovedeining er registrert som opphøyrt i Einingsregisteret.
Dette kan til dømes kome av at du har:
- oppgitt feil organisasjonsnummer for den du sender a-melding for
- oppgitt feil kalendermånad for a-meldinga
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for å levere a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du opp
- Kontroller om du har sendt a-melding på rett hovedeining og for rett kalendermåned.
- Dersom det ikkje er feil, treng du ikkje gjere noko.
- Dersom det er feil må du rette opp.
- Har du sendt a-melding på feil hovedeining, sjå endre organisasjonsnummer.
- Dersom opplysningane i Einingsregisteret er feil, kan du sjå www.brreg.no for å endre.
- Dersom du har sendt a-melding for feil kalendermånad, må du endre til rett månad.
- Har du sendt a-melding på feil hovedeining, sjå endre organisasjonsnummer.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit firma sender a-melding for august. Firmaet er registrert som opphøyrt i Einingsregisteret frå og med august. A-meldinga inneheld opplysningar også for juli månad.
Firmaet får feilmelding MAGNET_EDAG-109 fordi dei er registrerte som opphøyrt frå og med august.
Firmaet rettar opp feilen slik:
A-melding for august | |
Hovedeining | Hovedeiningas organisasjonsnummer |
MeldingsID | 20 |
Erstattar Meldings ID | 10 |
Ingen andre opplysningar.
A-melding for juni | |
Hovedeining | Hovedeiningas organisasjonsnummer |
MeldingsID | 30 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.