Eigar av enkeltpersonsføretak kan ikkje levere a-melding med opplysninger om seg sjølv
F516/MAGNET_EDAG-516
Kvifor får du denne feilmeldinga?
Du har gitt opplysningar om inntekt og arbeidsforholdsopplysningar for innehavaren av eit enkeltpersonføretak i a-meldinga.
Ein innehavar av eit enkeltpersonføretak kan ikkje vere tilsett i sitt eige enkeltpersonføretak. Du kan derfor ikkje registrere arbeidsforhold for innehaveren i a-meldinga. Du kan heller ikkje oppgi innehavaren sine inntekter i a-meldinga. Innehavaren av eit enkeltpersonføretak skal oppgi inntektene sine i skattemeldinga for næringsdrivande.
Det er berre personar som er tilsette i enkeltpersonføretaket du skal levere a-melding for.
Unntak: Du kan sjå bort frå denne feilmeldinga dersom du rapporterer lott eller part til innehavaren av eit enkeltpersonføretak som driv fiske- og fangsverksemd. Det same gjeld dersom du rapporterer lott eller part til ektefellen til innehavaren av enkeltpersonføretaket.
Feilmeldinga kan komme av at du har:
- tasta feil fødselsnummer
- registrert lønn og arbeidsforhold på eigar av enkeltpersonføretak
Sjå kven som må levere a-melding for meir informasjon.
Må du rette?
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil. Dette gjeld dersom du har levert opplysningar om innehavaren av enkeltpersonføretaket. Det er berre unntak for innehavarar av enkeltpersonføretak som driv fiske- og fangsverksemd, fordi dei skal oppgi lott og part i a-meldinga.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik retter du
- Fjern informajonen om eigar av enkeltpersonføretaket og innehavarens ektefelle frå a-meldinga.
- Dersom årsaka til feilen er tastefeil av d-nummer eller fødselsnummer endrar du til korrekt nummer.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du bruker eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren om du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit enkeltpersonføretak leverar a-melding med opplysningar om inntekt og arbeidsforhold for mellom annet Turid som driv ein blomsterhandel. Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-516 fordi Turid er registrert som eigar av enkeltpersonføretaket.
Enkeltpersonførtaket leverar ei ny a-melding utan informasjon om Turid.