Informasjonen i meldinga stemmer ikkje overeins med informasjon i Einingsregisteret
F142C / MAGNET_EDAG-142C
Kvifor denne feilmeldinga
Du oppgitt hovedeiningas organisasjonsnummer i staden for undereiningas organisasjonsnummer.
Dette kan til dømes kome av at du:
- har oppgitt feil organisasjonsnummer til hovedeininga
- skulle ha oppgitt organisasjonsnummer for undereining
Alle undereiningar skal ha eit eige organisasjonsnummer. Har du ikkje eit slikt organisasjonsnummer eller ønskjer å finne organisasjonsnummer, kan du sjå www.brreg.no.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for organisasjonsnummer du har oppgitt.
- På brreg.no kan du sjekka kva verksemder som tilhøyrer hovudeininga. Viss du skal rapportera arbeidsforhold av typen ordinært, maritimt eller frilansar, må du føra opp organisasjonsnummeret for undereininga i feltet som heiter 'verksemd' i a-meldingen. Viss du berre skal rapportera inn pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforholdet, kan du føra inn organisasjonsnummeret for hovudeininga i feltet som heiter 'verksemd'. Les her om type arbeidsforhold.
- Dersom du ikkje har ei undereininga og skal rapportere eit arbeidsforhold av typen ordinært, maritimt eller frilansar, må du søkje Einingsregisteret om undereining. Du må vente med å sende a-melding til du har fått organisasjonsnummer for undereining.
- Når du har fått organisasjonsnummer for undereining, skal du bruke dette.
- Når feilen er retta, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar.
Døme
Eit tannlegekontor oppgir organisasjonsnummer til hovedeininga for opplysningspliktig og i feltet for undereiniga.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-142C fordi hovedeiningas organisasjonsnummer ikkje er knytt til hovedeiningas organisasjonsnummer.
Tannlegekontoret oppgir hovedeiningas organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for undereininga: | |
Hovedeining | Hovedeiningas organisasjonsnummer |
Undereining | Undereiningas organisasjonsnummer |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.