Informasjonen i meldinga stemmer ikkje overeins med informasjon i Einingsregisteret
F142 / MAGNET_EDAG-142
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt eit organisasjonsnummer for ei undereining som ikkje er knytt til ei hovedeining i Einingsregisteret for perioden a-meldinga gjeld.
Dette kan til dømes kome av at du har:
- oppgitt eit feil organisasjonsnummer
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller organisasjonsnummeret du har oppgitt og endre til eit gyldig organisasjonsnummer. Du skal bruke eit organisasjonsnummer for undereninga som er knytt til hovedeininga du sender a-melding for. Du finn aktuelle organisasjonsnummer på www.brreg.no.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Undereining A sender a-melding for august og får feilmelding MAGNET_EDAG-142 fordi undereininga ikkje er knytt til hovedeininga dei oppgir. Dei har ført opp feil organisasjonsnummer for undereininga.
Firmaet endrar organisasjonsnummeret for undereininga til: | |
Undereining | organisasjonsnummer for undereining A |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.