Informasjonen i meldinga stemmer ikkje overeins med informasjon i Einingsregisteret
F196 / MAGNET_EDAG-196
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt eit organisasjonsnummer til ei undereining som ikkje er aktiv i Einingsregisteret den månaden du prøver å sende a-meldinga for.
Dette kan til dømes kome av at
- du har oppgitt organisasjonsnummer til feil undereining
- undereininga er feilaktig nedlagt i Einingsregisteret
- du har ført opp feil periode for a-meldinga
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette feilen i den kalendermånaden du har fått feilmeldinga, og sende ny a-melding innan fristen for denne månaden, eller for ein annan månad (dersom månaden var feil).
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller om organisasjonsnummeret til undereininga og kalendermånaden du har oppgitt, er rett. Du finn organisasjonsnummer på www.brreg.no.
- Dersom du nyleg har registrert eller endra eit organisasjonsnummer i einingsregisteret, treng du ikkje gjere noko.
- Dersom det er feil i organisasjonsnummeret, må du endre til rett nummer.
- Dersom det er feil i kalendermånad, må du endre til rett månad.
- Dersom det er feil i Einingsregisteret, ta kontakt med www.brreg.no.
- Når feilen er retta, send er du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme 1 – Undereininga er nedlagd/opphøyrt – rapportering av arbeidsforhold
Ei butikkjede hadde ei undereining som blei nedlagd/opphøyrt (ikkje overdregen) frå 31. mars. I a-meldinga for april rapporterer butikkjeda tilsette (arbeidsforhold) på den nedlagde undereininga, anten med open sluttdato eller med sluttdato etter at eininga er nedlagd. Butikken får feilmeldinga MAGNET_EDAG-196.
Anten er det feil organisasjonsnummer til undereininga eller feil månad. Ein skal ikkje rapportere arbeidsforhold på ei undereining som er nedlagd/opphøyrt. Dersom månaden er korrekt, må ein fjerne undereininga og rapportere på nytt. Dersom månaden er feil, må ein først fjerne det som var rapportert på feil månad og deretter rapportere på rett månad.
Døme 2 – Undereining er nedlagd/opphøyrt – rapportering av inntekt
Ei butikkjede hadde ei undereining som blei nedlagd/opphøyrt (ikkje overdregen) frå 31. mars. I a-meldinga for juni oppgir butikkjeda utbetaling av feriepengar til ein tidlegare tilsett i den nedlagde undereininga. Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-196.
Butikkjeda treng ikkje gjere noko.
Døme 3 – Undereininga er feilaktig nedlagd/opphøyrt
Ei butikkjede hadde ei undereining som feilaktig blei nedlagd/opphøyrt frå 31. mars. I a-meldinga for april rapporterer butikkjeda arbeidsforhold og inntekt på tilsette i denne undereininga. Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-196.
Butikkjeda må ta kontakt med Einingsregisteret for å få oppretta undereininga på nytt. Regelutslaget blir borte frå og med første rapportering etter at undereininga er oppretta på nytt.