Inntektsmottakaren manglar norsk fødselsnummer/D-nummer
F179 / MAGNET_EDAG-179
Kvifor denne feilmeldinga
Du har brukt ein internasjonal identifikator for å identifisere inntektsmottakaren. Du skal bruke fødselsnummer eller D-nummer dersom inntektsmottakaren har dette.
Feilmeldinga kan til dømes kome av at:
- du har gløymt å oppgi D-nummer eller fødselsnummer
- inntektsmottakaren ikkje har fått D-nummer eller fødselsnummer enno
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Dersom det ikkje er feil, treng du ikkje gjere noko.
- Dersom inntektsmottakaren har fått fødselsnummer eller D-nummer må du oppgi dette i ei a-melding. Det gjer du i den første a-meldinga etter at inntektsmottakaren har fått dette.
MERK! Du skal bruke fødselsnummer eller D-nummer så snart du har kjennskap til dette. I den første a-meldinga etter at inntektsmottakaren har fått ein norsk identifikator må du gi opp både norsk og utanlandsk identifikator. I seinare a-meldingar skal du bruke berre fødselsnummer eller D-nummer. - Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – har fått D-nummer
Eit oljeselskap sender a-melding med opplysningar om Ali og nyttar internasjonal ID for å identifisere han. Ali får tildelt D-nummer. Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-179 fordi fødselsnummer eller D-nummer manglar. Dei har gløymt å oppgi D-nummer.
Oljeselskapet sender a-melding med både internasjonal identifikator og D-nummer slik at desse blir knytte saman. Sjå meir om fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID.
Døme – har ikkje fått D-nummer
Eit byggjefirma sender a-melding med opplysningar om Pjotr som ikkje har fått tildelt D-nummer enno. Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-179 fordi fødselsnummer eller D-nummer manglar.
Byggjefirmaet treng ikkje endre noko.