Ulogisk dato for endring av stillingsprosent
F258 / MAGNET_EDAG-258
Kvifor denne feilmeldinga
Datoen for endring av stillingsprosent er langt fram eller tilbake i tid.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt dato for endring av stillingsprosent før 1. januar 1960
- oppgitt dato for endring av stillingsprosent som er 1 år fram i tid.
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller om du har rapportert rett start- og sluttdato på endring av stillingsprosent.
- Dersom datoen er feil, må du endre til rett dato.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit snikkarfirma sender a-melding for mai med opplysningar om arbeidsforholdet til Ola. Dei oppgir dato for endring av stillingsprosent til 1. januar 1958.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-258 fordi datoen for endring av stillingsprosent er før 1. januar 1960. Rett dato for endring av stillingsprosent for Ola er 1. januar 2017.
| Snikkarfirmaet endrar datoen for siste endring av stillingsprosent for Ola til: | |
| Siste dato for endring av stillingsprosent | 1. januar 2017 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.