Utleggstrekk for inntektsmottakar er feil
F296 / MAGNET_EDAG-296
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt eit positivt beløp i utleggstrekk for inntektsmottakar for månaden.
Feilmeldinga kan komme av at du har:
- brukt feil forteikn på beløpet du har oppgitt i utleggstrekk for inntektsmottakar. Utleggstrekket for inntektsmottakar for ein månad skal vere eit negativt beløp eller 0.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Endr utleggstrekket for inntektsmottakar for månaden til eit negativt beløp. Sjå korleis du skal rette feil utleggstrekk på inntektsmottakaren.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Viss du har sendt fleire a-meldingar for månaden, kan det vere lurt å ta ut ein avstemmingsrapport (A06 / A07). Då får du oversikt over kva som er sendt inn totalt for månaden, også per inntektsmottakar.
Døme
Ein butikk sender a-melding for februar. Dei har oppgitt 5 000 kroner i utleggstrekk for Kari og 5 000 kroner i utleggstrekk for Per (positive beløp).
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-296 fordi oppgitte beløp for Per og Kari er positive.
Butikken sender ei a-melding og justerer utleggstrekka for Per og Kari: |
|
Utleggstrekk Per | - 10 000 |
Utleggstrekk Kari | - 10 000 |
I tillegg oppgir dei alle andre obligatoriske opplysingar.
Totalt for februar har dei no oppgitt utleggstrekk for Kari -5 000 (5 000-10 000), utleggstrekk for Per -5 000 (5 000-10 000).