Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Lønn og ytingar

Rette feil i lønn og andre ytingar

  • Oppdatert: 22.01.2020

Gjeld retting av feil i lønn og andre ytingar når du ikkje har fått feilmelding. 

    Kort om å rette feil

    Har du ført opp feil i lønn eller anna yting, og ikkje fått feilmelding (MAGNET_EDAG) på dette i tilbakemeldinga (A03), er det typen feil som avgjer måten du kan rette på.

    Har du fått feilmelding (MAGNET_EDAG), kan du sjå i oversikta over feilmeldingar og korleis du rettar

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Feil nemning

    Dersom du har ført opp rett beløp, men med feil nemning, må du rette i a-meldinga for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.

    1. Før opp beløpet med negativt forteikn og inkluder nemninga for ytinga frå den opphavlege a-meldinga.
    2. Før deretter opp beløpet på nytt med ei fullstendig og rett nemning.

    Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.

     

    Døme med feil nemning

    William jobbar i eit serviceselskap. Dei har oppgitt fastlønn for William i a-meldinga for oktober.

    I januar oppdagar serviceselskapet at dei har gitt feil nemning på lønna. Dei har oppgitt fastlønn i staden for timelønn. 

    A-melding for oktober, med feil

    MeldingsID

    1
    Inntektsmottakar William
    Beløp 25 000
    Nemning fastlønn

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    A-melding for oktober

    MeldingsID

      2
    Inntektsmottakar   William
    Beløp - 25 000
    Nemning   fastlønn
    Beløp   25 000
    Nemning   timelønn
    Tal   35

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    Resultat av endring for oktober:
    Fastlønn: 25 000 - 25 000 = 0
    Timelønn: 25 000 kroner

     

    Tasta feil beløp

    Dersom du har utbetalt rett beløp, men tasta feil i a-meldinga, må du rette opp for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.

    • Har du oppgitt eit for høgt beløp, fører du opp differansen med negativt forteikn og inkluderer nemninga av inntekta frå den opphavlege a-meldinga.
    • Har du oppgitt eit for lågt beløp, fører du opp differansen og inkluderer nemninga av inntekta frå den opphavlege a-meldinga.

    Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.

     

    Døme med for høgt beløp

    Anna jobbar i ein butikk. Ho fekk 10 000 kroner i lønn i mai, og butikken førte ved ein feil opp 100 000 kroner i a-meldinga for mai. 

    Butikken oppdagar feilen i juni og må rette i a-meldinga for mai.

    A-melding for mai, med feil

    MeldingsID

    1
    Inntektsmottakar Anna
    Beløp 100 000
    Nemning fastlønn

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    A-melding for mai

    MeldingsID

      2
    Inntektsmottakar   Anna
    Beløp - 90 000
    Nemning   fastlønn

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    Resultat av endring for mai:
    Fastlønn: 100 000 - 90 000 = 10 000 kroner.

     

    Døme med for lågt beløp

    Noah jobbar i eit bodfirma. Han får 10 000 kroner i lønn i mai. Bodfirmaet førte ved ein feil opp 1 000 kroner i a-meldinga i mai.

    I juni oppdagar bodfirmaet at dei har oppgitt feil beløp. Dei må rette i a-meldinga for mai.

    A-melding for mai, med feil

    MeldingsID

    1
    Inntektsmottakar Noah
    Beløp 1 000
    Nemning fastlønn

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    A-melding for mai

    MeldingsID

    2
    Inntektsmottakar Noah
    Beløp 9 000
    Nemning fastlønn

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    Resultat av endring for mai:
    Fastlønn: 1 000 + 9 000 = 10 000 kroner.

     

    Feil tilleggsinformasjon

    Dersom du har ført opp rett beløp og rett nemning for lønn eller yting, men feil tilleggsinformasjon, må du rette i a-meldinga for den eller dei kalendermånadene som inneheld feil eller manglar.

    Korleis du rettar feil tilleggsinformasjon kjem an på kva slags feil som er rapportert. Når du sender inn fleire meldingar blir opplysningane i eit felt anten

    • summerte eller
    • siste rapporterte opplysning er den som gjeld


    Summering blir nytta ved beløp, talet på kilometer og liknande, medan siste gjeld blir nytta ved listepris på bil, registreringsnummer, talet på barn.

     

    Retting av feil når opplysningane blir summerte for månaden

    1. Send ei ny melding med beløp 0,- eller beløpet er differansen mellom beløpet som blei oppgitt tidlegare og det korrekte beløpet.
    2. Før opp dei same tilleggsopplysningane som er ført opp tidlegare.

     

    Døme der ein har ført opp feil timetal (opplysningane blir summerte for månaden)

    Christian arbeider i ein sportsbutikk og i a-meldinga for august er det rapportert at Christian har fått 25 000 i timelønn og at han har arbeidd 1000 timar. I oktober finn butikken ut at dei har tasta feil tal på timar. Det skulle ha vore 100 timar, ikkje 1000 timar.

    Dei sender inn ei ny a-melding for august for å rette feilen.

    Ny a-melding for august for å rette talet på timar
    MeldingsID 2
    Inntektsmottakar Christian
    Beløp 0 (summering)
    Nemning kontantyting, timelønn
    Tal - 900 (summering)

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    Timelønn for august er då 25 000 + 0 = 25 000 og talet på timer er 1000 – 900 = 100.

     

    Døme der ein har ført opp feil kilometertal (opplysningane blir summerte for månaden)

    Hassan reiser av og til i samband med jobb og han får kilometergodtgjersle etter køyrelengd. Arbeidsgivaren rapporterer eit utbetalt beløp på kr 1575 og at det er køyrt 150 km. Etter innsendinga oppdagar arbeidsgivaren at det er rapportert feil tal på kilometer. Det skulle ha vore 450 km og dei sender inn ei ny melding for å rette dette.

    Ny a-melding for oktober
    MeldingsID 2
    Beløp 0
    Type lønn eller yting Utgiftsgodtgjersle, kilometergodtgjersle bil
    Trekkplikt Nei
    Grunnlag for arbeidsgivaravgift Nei

    Tilleggsopplysningar
     
    Tal 300 (kilometer)

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    Talet på km for oktober blir då 150 + 300 = 450



    Retting av feil når dei sist rapporterte opplysningane gjeld for månaden

    1. Før opp beløpet med negativt forteikn. Bruk den same nemninga for lønna eller ytinga og dei same tilleggsopplysningane som oppgitt i den opphavlege a-meldinga du vil rette.
    2. Før deretter opp beløpet på nytt med lik nemning og fullstendige og riktige tilleggsopplysningar.

    Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp, nemning og tilleggsopplysningar for den eller dei kalendermånadene som inneheld feilen.

     

    Døme med feil listepris og registreringsnummer (den sist rapporterte opplysninga gjeld for månaden)

    Kari jobbar som seljar i eit sportsfirma. Ho nyttar arbeidsgivar sin bil både i jobb og privat. Sportsfirmaet har ført opp ein listepris for bilen på 660 000 og registreringsnummer AB12345 i a-meldinga for oktober.

    I desember oppdagar sportsfirmaet at dei har gitt feil opplysningar. Opplysningane tilhøyrer ein annan bil enn den Kari disponerer. Listeprisen på Kari sin bil er 500 000 og registreringsnummeret er BA54321.

    A-melding for oktober, med feil
    MeldingsID 1
    Inntektsmottakar Kari
    Beløp 13 533
    Nemning naturalyting, yrkebil tenestlegbehov listepris
    Listepris 660 000
    Registreringsnummer AB12345

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

     

    A-melding for oktober
    MeldingsID 2
    Inntektsmottakar Kari
    Beløp - 13 533
    Nemning naturalyting, yrkebil tenestlegbehov listepris
    Listepris 0
    Registreringsnummer AB12345
       
    Beløp 10 866
    Nemning naturalyting, yrkebil tenestlegbehov listepris
    Listepris 500 000
    Registreringsnummer BA54321

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    Det må rettast på same måte for alle månader det er rapportert inn feil.

     

    Døme med feil oppgitt landkode (den sist rapporterte opplysninga gjeld for månaden)

    Tone jobbar i eit norsk oljeselskap og skal byrje å jobbe for firmaet i Tyskland. HR-avdelinga har fått feil opplysningar og opplyser i a-meldinga at ho jobbar i Frankrike. Dei oppdagar feilen når dei skal sende a-melding for november. Dei må sende ei ny a-melding for oktober for å korrigere feilen.

    Ny a-melding for oktober for å rette feilen
    MeldingsID 2
    Inntektsmottakar Tone
    Beløp - 80 000
    Nemning kontantyting, fastlønn

    Tilleggsopplysningar
     
    Oppteningsland FR
    Opptent på kontinentalsokkel nei
       
    Beløp 80 000
    Nemning kontantyting, fastlønn

    Tilleggsopplysningar
     
    Oppteningsland DE
    Opptent på kontinentalsokkel nei

    I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.

    Det må rettast på same måte for alle månader det er rapportert inn feil.

     

    Utbetalt for mykje

    Dersom du har utbetalt for mykje og oppgitt eit for høgt beløp i a-meldinga, må du rette når inntektsmottakaren har betalt tilbake eller inngått ein bindande avtale om å betala tilbake. Du må retta a-meldingen på det tidspunktet som trer først inn av faktisk tilbakebetaling eller når du har inngått ein bindande avtale. 

    Før 2020 var praksis at endring av a-melding først skulle gjerast når feilutbetalinga faktisk var tilbakebetalt. Praksis blir frå endra 2020. Endringa er ikkje gitt tilbakeverkande kraft på eldre saker. Dette inneber at rapporteringstidspunktet er valfritt for tilbakebetalingskrav som vart endeleg stifta før januar 2020.

    Korleis du rettar, kjem an på om inntektsmottakaren skal betale tilbake:

    • nettobeløpet eller
    • bruttobeløpet

     

    Netto tilbakebetaling

    Dersom avtalen om tilbakebetaling eller tilbakebetalinga skjer før 31. januar i året etter inntektsåret, må inntektsmottakaren betale tilbake nettobeløpet. Det same gjeld viss avtalen blir inngått etter skatteoppgjeret er gjort for det året feilutbetalinga gjeld.

    Slik rettar du:

    1. Endre brutto inntekt og forskotstrekk på den eller dei månadene feilen blei gjort.
    2. Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Døme med netto tilbakebetaling

    Adam jobbar på ein møbelfabrikk. Møbelfabrikken utbetalte for høg timelønn til Adam i januar, februar og mars. Timelønna var 60 000 kroner per månad. Talet på timar var rett rapportert.

    I april oppdaga møbelfabrikken feilen og kravde for mykje netto utbetalt tilbake frå Adam, 3 200 kroner per månad. Brutto utgjorde dette 5 000 kroner per månad.

    Adam betalte tilbake nettobeløpet i april og møbelfabrikken retta i a-meldingane for januar, februar og mars med beløpet som var betalt tilbake.

    Ettersom Adam betalte tilbake nettobeløpet, endra også møbelfabrikken forskotstrekket med 1 800 kroner per månad, då Adam ikkje skal ha dette godskrive på skatteoppgjeret. Møbelfabrikken får trekket tilbakebetalt på grunnlag av endringa i a-meldinga.

    Opphavlege a-meldingar

      Januar Februar Mars

    MeldingsID

    jan1 feb1 mars1
    Timelønn 60 000 60 000 60 000
    Talet på timar 37,5 37,5 37,5
    Forskotstrekk - 20 000 - 20 000 - 20 000

     

    Nye a-meldinger

      Januar Februar Mars

    MeldingsID

    jan2 feb2 mars2
    Timelønn - 5000 - 5000 - 5000
    Talet på timar 0 0 0
    Forskotstrekk 1 800 1 800 1 800

    Oppsummert viser a-meldingane for januar, februar og mars at Adam har teke imot 55 000 kroner i timelønn per månad og blitt trekt 18 200 kroner i forskotstrekk per månad.

    Alternativ:
    I staden for å sende nye a-meldingar som justerer tidlegare oppgitte beløp kan møbelfabrikken endre ved å sende ei erstatningsmelding for kvar av kalendermånadene.

    Slik retta dei opp:
    Gjeld ved erstatningsmelding.

      Januar Februar Mars

    MeldingsID

    jan2 feb2 mars2

    Erstattar meldingsID

    jan1 feb1 mars1
    Timelønn 55 000 55 000 55 000
    Talet på timar 37,5 37,5 37,5
    Forskotstrekk - 18 200 - 18 200 - 18 200

     

    Brutto tilbakebetaling

    Dersom avtalen om tilbakebetaling eller tilbakebetalinga skjer etter 31. januar i året etter inntektsåret og før skatteoppgjeret, må inntektsmottakaren betale tilbake bruttobeløpet.

    Slik rettar du:

    1. Endre brutto inntekt på den eller dei månadene feilen blei gjort. Du skal ikkje endre forskotstrekket. Inntektsmottakaren får godskrive forskotstrekket i skatteoppgjeret.
    2. Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Døme med brutto tilbakebetaling

    Emma jobbar hjå ein bilforhandlar. Bilforhandlaren utbetalte for høg timelønn til Emma i oktober, november og desember. Timelønna var 60 000 kroner per månad. Talet på timar var rett rapportert.

    Bilforhandlaren oppdagar feilen i februar året etter og krev for mye brutto utbetalt tilbake frå Emma, 5 000 kroner per månad.

    Emma betaler tilbake bruttobeløpet i februar og bilforhandlaren endrar a-meldingane for oktober, november og desember med beløpet som er betalt tilbake.

    Ettersom Emma har betalt tilbake bruttobeløpet, endrar ikkje bilforhandlaren forskotstrekket.

    Beløpet som Emma har betalt tilbake inkluderer forskotstrekket som er betalt. Ho får godskrive forskotstrekket, som tidlegare er oppgitt i a-meldinga, på skatteoppgjeret.

    Opphavlege a-meldingar

      Oktober November Desember

    MeldingsID

    okt1 nov1 des1
    Timelønn 60 000 60 000 60 000
    Talet på timar 37,5 37,5 37,5
    Forskotstrekk - 20 000 - 20 000 - 20 000

     

    Nye a-meldingar

      Oktober November Desember

    MeldingsID

    okt2 nov2 des2
    Timelønn - 5000 - 5000 - 5000
    Talet på timar 0 0 0
    Forskotstrekk      

    Oppsummert viser a-meldingane for oktober, november og desember at Emma har teke imot 55 000 kroner i timelønn per månad og blitt trekt 20 000 kroner i forskotstrekk per månad.

    Alternativ:
    I staden for å sende nye a-meldingar som justerer tidlegare oppgitte beløp kan bilforhandlaren endre ved å sende ei erstatningsmelding for kvar av kalendermånadene.

      Oktober November Desember

    MeldingsID

    okt2 nov2 des2

    Erstattar meldingsID

    okt1 nov1 des1
    Timelønn 55 000 55 000 55 000
    Talet på timar 37,5 37,5 37,5
    Forskotstrekk - 20 000 - 20 000 - 20 000

     

    Utbetalt for lite / etterbetale

    Type yting avgjer måten du skal føre opp dette på i a-meldinga.


    Hovudregel:
    Dersom du skal etterbetale, må du føre opp utbetalinga i den kalendermånaden du utbetaler beløpet.

    Har du oppgitt timelønn og timar i ei tidlegare a-melding, set talet på timar til 0.  

    Du skal ikkje endre tidlegare a-meldingar.

     

    Døme

    Lucas jobbar i ein barnehage. Han jobbar 37,5 timar per veke. Ved lønnsoppgjeret blei timesatsen justert frå 250 kroner til 252 kroner per time med verknad frå 1. mai.

    Barnehagen skal etterbetale 900 kroner for mai, juni og juli, i august månad. Talet på timar er oppgitt rett i a-meldinga tidlegare.

    A-meldingar for mai, juni og juli (inga endring)

      Mai Juni Juli
    Timelønn 37 500 37 500 37 500
    Talet på timar 37,5 37,5 37,5
    Forskotstrekk - 11 250 - 11 250 - 11 250

     

    A-melding for august

      August August
    Timelønn 37 800 900
    Talet på timar 37,5 0
    Forskotstrekk - 11 610  

     

    Unnatak frå hovudregelen

    Somme ytingar frå pensjon eller trygd følgjer ikkje hovudregelen for etterbetaling som er skildra ovanfor.

    Dersom ein skal føre opp etterbetalinga på ein annan måte, er dette forklart på sida til kvar einskild yting. Sjå kvar einskild yting for pensjon og trygd.

     

    Feil i forskotstrekk

    Har du trekt for mykje eller for lite i forskotstrekk, kan du sjå rette feil under forskotstrekk.

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring