Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startside til skatteetaten
Startside til skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemder Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform (fast og mellombels)
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, kommunesamanslåing og meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Kommune- og fylkessamanslåing
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift på lønnsinntekt over 750 000 kroner Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Type arbeidsforhold
  • Del
    • Facebook
    • Twitter
    • LinkedIn
  • Skriv ut

Vel rett type arbeidsforhold

  • Oppdatert: 03.01.2018

Finn ut kva for eit arbeidsforhold som er rett. Valet påverkar rettane og pliktene til inntektsmottakaren, og kva for opplysningar du må oppgi i a-meldinga.

    Fire typar arbeidsforhold i a-meldinga

    I a-meldinga har vi delt inn arbeidsforhold i fire typar.

    Det er viktig at du oppgir rett type arbeidsforhold fordi det påverkar: 

    • kva for opplysningar du skal oppgi
    • rettar og plikter for både arbeidsgivar og arbeidstakar overfor Skatteetaten, NAV og andre som brukar opplysningane

    Vel mellom desse typane: 

    • Ordinært arbeidsforhold (gjeld dei fleste tilsette)
    • Maritimt arbeidsforhold
    • Frilansar, oppdragstakar, honorarpersonar med meir
    • Pensjon eller andre ytingar

     

    1. Ordinært arbeidsforhold

    Vel dette når du har tilsett ein arbeidstakar i di teneste (verksemda di) som tek imot lønn eller anna godtgjersle, jf. folketrygdlova § 1-8.

    Dette gjeld:

    • dei fleste tilsette som tek imot lønn frå ei bedrift eller ein organisasjon
    • personar på arbeidsmarknadstiltaka mellombels eller varig lønnstilskot, med lønn frå bedrifta.


    Dette gjeld ikkje:

    • dersom arbeidet blir utført til sjøs, på fartøy eller på ei flyttbar innretning som ein borerigg

    Arbeidsforholdet skal registrerast i Aa-registeret.

    Sjå meir om ordinært arbeidsforhold

     

    Døme på når du skal velje eit ordinært (eller maritimt) arbeidsforhold 

    Dei tilsette sin representant i styre

    Tilsette som får mellombels eller varig lønnstilskot
    Når arbeidsgivaren/tiltaksarrangøren betaler lønn til den tilsette og NAV dekker heile eller deler av lønna som er lønnstilskot til verksemda.

    Arbeidstakar og pensjonist
    Tilsette som får utbetalt godtgjersle både som arbeidstakar og pensjonist frå den same verksemda. Du skal oppgi dette som eit samla arbeidsforhold.
    Ekstrahjelp, vikarar osv.

     

    Døme på når du skal velje eit ordinært arbeidsforhold

    Sokkelarbeidarar på fast installasjon
    Sokkelarbeidarar som jobbar på ein fast installasjon som til dømes ein boreplattform som er montert fast.
    Støttekontaktar og avlastarar

     

    2. Maritimt arbeidsforhold

    Vel dette når du har tilsett ein arbeidstakar i di teneste (verksemda di) som tek imot lønn eller anna godtgjersle og arbeidet blir utført til sjøs, på fartøy eller på ei flyttbar innretning som ein borerigg, jf. folketrygdlova § 1-8.

    Arbeidsforholdet skal registrerast i Aa-registeret. 

    Sjå meir om maritimt arbeidsforhold

     

    Døme på når du skal velje eit maritimt (eller ordinært) arbeidsforhold

    Tilsette som får lønnstilskot
    Når arbeidsgivaren/tiltaksarrangøren betaler lønn til den tilsette og NAV yter lønnstilskot til verksemda.
    Dei tilsette sin representant i styre
    Arbeidstakar og pensjonist
    Tilsette som får utbetalt godtgjersle både som arbeidstakar og pensjonist frå den same verksemda. Oppgi dette som eit samla arbeidsforhold.
    Ekstrahjelp, vikarar osv.

     

    Døme på når du skal velje eit maritimt arbeidsforhold

    Sokkelarbeidarar som jobbar på ei flyttbar innretning/borerigg

     

    Merk!
    For sokkelarbeidarar som jobbar på ein fast installasjon som til dømes ein boreplattform som er montert fast, skal du velje ordinært arbeidsforhold.

    For fiskar og fangstmann som er teken opp i manntalet (fiskarmanntalet) skal du velje pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold, eller ikkje oppgi type arbeidsforhold i det heile tatt.

     

    3. Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar

    Vel dette når den som jobbar for deg utfører arbeid eller oppdrag for lønn eller anna godtgjersle utanfor teneste (ikkje tilsett).

    Dette gjeld ikkje:

    • Sjølvstendige næringsdrivande, jf. folketrygdlova § 1-9
    • Fastlegar og behandlande helsepersonell som mottar offentleg basistilskott eller driftstilskott

    Arbeidsforholdet skal registrerast i Aa-registeret. 

    Sjå meir om frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar

     

    Døme på når du skal velje frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar

    Frilansarar
    Yrkesgrupper som musikarar, tekstforfattarar, skodespelarar, journalistar og omsetjarar er ofte å rekne som frilansarar/oppdragstakarar.
    Folkevalde
    Politikarar i kommunar, fylkeskommunar og på Stortinget som får godtgjersle for politisk arbeid
    Fosterforeldre, og personar med omsorgslønn
    Lønn og anna godtgjersle for å hjelpe personar med særskilde behov eller personar med omsorgsbehov.

    Personar som har tillitsverv
    Lønn og anna godtgjersle for arbeid og dekning av utgifter i frivillige og velgjerande organisasjonar eller der ein har tillitsverv.

    Døme på tillitsverv: deltaking i bedriftsforsamlinga eller andre råd, utval og verv knytte til jobben.

    Unnatak: Tillitsvalde og medlemmer av frivillige og velgjerande organisasjonar som berre er kursdeltakarar, men som får refusjon for tapt arbeidsforteneste. Desse skal rapporterast med arbeidsforholdstype pensjonar eller andre ytingar.

    Styremedlemmer
    Personar som berre sit i styret i selskapet og ikkje er tilsette.

    Unnatak: Dei tilsette sin representant i styre. Her er den tilsette i eit ordinært eller maritimt arbeidsforhold og det skal rapporterast styrehonorar på det ordinære eller maritime arbeidsforholdet.

     

    4. Pensjon eller andre ytingar (føderåd, RF-1199)

    Vel dette når utbetalinga gjeld pensjon eller anna yting/godtgjersle til ein inntektsmottakar, der ytinga ikkje er knytt til eit arbeidsforhold etter folketrygdlova.

    Gjeld også einskilde utbetalingar til næringsdrivande. Til dømes betaling til dagmamma som passar barn i sin eigen heim.

    Arbeidsforholdet skal ikkje registrerast i Aa-registeret. 

    Sjå meir om pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold

     

    Døme på når du skal velje pensjon eller andre ytingar 

    Tilsette på andre tiltak enn lønnstilskot frå NAV
    Til dømes arbeidspraksis i ordinær eller skjerma verksemd. Lønn og anna godtgjersle som verksemda har betalt ut, må rapporterast.
    Arbeidsforhold som verken er ordinært eller maritimt arbeidsforhold eller eit frilansar-/oppdragsforhold
    Fiskar og fangstmann som er teken opp i manntal (fiskarmanntal)
    Føderåd / kår
    Når den som kjøper fast eigedom gjer opp for kjøpesummen på den måten at seljaren får heil eller delvis betaling i form av framtidige årlege ytingar (avgrensa til mottakaren si levetid), som dels kan vere naturalytingar, mellom anna burett, ligg det føre føderåd (kår), og ikkje vanleg underhald.
    Lottakar og reiar i stilling om bord på fiske- eller fangstfartøy

    Oppdrag til utanlandsk oppdragstakar og arbeidstakarar på oppdraget
    Den som gir oppdrag til ein utanlandsk oppdragstakar på land eller kontinentalsokkelen skal rapportere oppdraget og arbeidstakarane som arbeider på oppdraget i Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret. Opplysninga skal ikkje rapporterast i a-meldinga.

    Plikta gjeld for norske og utanlandske næringsdrivande og for det offentlege. Privatpersonar har inga plikt til å gi opplysningar.

    Oppmuntringspengar
    Arbeidstakarar som deltek i arbeidstreningstiltak for yrkeshemma, når lønna er definert som mottak av oppmuntringspengar. Til dømes varig tilrettelagt arbeid.
    Pensjon
    Ytingar til pensjonistar som ikkje har eit arbeidsforhold.
    Utbetalingar frå lønnsgarantifondet
    Konkursbu som betaler ut uteståande lønn til arbeidstakarar i eit føretak som har gått konkurs og har fått dekning frå lønnsgarantifondet.
    Lønn til tilsette som har slutta (feriepengar, etterbetalingar o.a.)

    Kursdeltakarar som får refusjon for tapt arbeidsforteneste
    Gjeld kursdeltakarar som ikkje er tilsette hjå kursansvarleg. Til dømes medlemsorganisasjonar som arrangerer kurs for medlemmene, og der deltakarane har permisjon utan lønn frå arbeidsgivarane. Lønn (tapt arbeidsforteneste) og annan godtgjersle som kursansvarleg har utbetalt, må rapporterast i a-ordninga.

    Personar som berre mottar utgiftsgodtgjerlse
    Personar som ikkje mottar lønn, honorar a.o., men berre utgiftsgodtgjerlse skal du gje opp med arbeidsforholdstype «Pensjonar og andre ytingar», eller la være å gje opp type arbeidsforhold.
    Personar som er på introduksjonsordninga for flyktningar
    Personar som er på introduksjonsordninga for flyktningar skal du gje opp med arbeidsforholdstype «Pensjonar og andre ytingar», eller la være å gje opp type arbeidsforhold.
    Personar som er vitnar i saker i domstolane
    Personar som er vitnar i saker i domstolane skal du gje opp med arbeidsforholdstype «Pensjonar og andre ytingar», eller la være å gje opp type arbeidsforhold.

    Personar som verken er tilsette eller har oppdrag for deg
    Har du utbetalingar til personar som verken er tilsette eller har oppdrag for deg, men som er rapporteringspliktige i a-ordninga, skal du rapportere dette utan å oppgi arbeidsforholdopplysningar. 

    Døme på dette kan vere utbetaling av reisegodtgjersle til ein person som har vore på jobbintervju. 

     

    Er det obligatorisk

    Ja, det er obligatorisk å gi opplysningar om type arbeidsforhold for ordinære og maritime arbeidsforhold, og for frilansarar, oppdragstakarar og personar som tek imot honorar, med nokre unnatak.

    For pensjon og andre ytingar utanfor arbeidsforhold er det obligatorisk dersom du leverer a-melding direkte i Altinn (A01) eller frå eit lønnssystemet der du må gi opplysningar om type arbeidsforhold.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    NAV nyttar opplysningar type arbeidsforhold til å skilje på ordinære og maritime arbeidsforhold. Vidare nyttar vi opplysningane til å vurdere medlemskap i folketrygda, og vi nyttar opplysningane om arbeidsforhold til å rekne ut ytingar og etterkontroll av ytingane. Gjeld til dømes sjukepengar, dagpengar og foreldrepengar.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til å lage statistikkar om utviklinga i lønningar, sysselsetjing og sjukefråvær.  

    Opplysningar om ordinære, maritime arbeidsforhold og frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorarar  blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei.  Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Folketrygdloven § 1-8

    • Folketrygdloven §1-9

    • Folketrygdloven § 25-1

    • Forskrift om AA-registeret § 3

    • Statistikkloven § 10

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring