Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding

Erstatningsmelding eller ny a-melding

  • Oppdatert: 24.04.2023

Når du skal rette eller endre opplysningar i a-meldinga, kan du gjere det på to måtar: Enten sende erstatningsmelding eller sende inn ny a-melding.

    Erstatningsmelding

    Ei erstatningsmelding er når du sender inn ei fullstendig a-melding som erstattar ei a-melding du allereie har sendt. Alle opplysningane som du sende tidlegare, blir erstatta av opplysningane i erstatningsmeldinga.

     

    Diagram. Send a-melding nummer 1. Rett feil eller manglar. Send a-melding nummer 2. A-melding 2 gjeld for perioden. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.

     

    Viktig informasjon

    Ei erstatningsmelding skriv over opplysningane i a-meldinga du erstattar.

     

    For at erstatningsmeldinga skal kunne erstatte ei tidlegare a-melding må du

    • referere til meldings-ID-en for a-meldinga du skal erstatte
    • oppgi same månad


    Ei a-melding kan berre erstattast éin gong. Dersom du oppdagar nye feil i erstatningsmeldinga, er det denne du må erstatte. Då må du vise til meldings-ID og månad for erstatningsmeldinga.

     

    Døme på bruk av erstatningsmelding

    Eit byggjefirma sender a-melding for august. Etter at dei har sendt a-meldinga, oppdagar dei at ho inneheld feil. Dei har oppgitt feil fødselsdato på ein av dei tilsette med internasjonal ID.

    Dei sender ei erstatningsmelding for å rette opp feilen.

    A-melding for august
    Opphavleg a-melding med feil

    MeldingsID 10
    Månad august
    Fødselsdato 20. desember 1960

    I tillegg oppgav dei alle andre obligatoriske opplysningar.

     

    Erstatningsmelding for august
    Byggjefirmaet rettar fødselsdatoen og sender erstatningsmeldinga.

    MeldingsID 20
    Erstattear meldingsID 10
    Månad august
    Fødselsdato 20. desember 1980

    I tillegg oppgir dei alle andre obligatoriske opplysningar.

    Erstatningsmeldinga erstattar den tidlegare a-meldinga dei sende for august.

     

    Merk!
    Sender du a-melding direkte på skatteetaten.no eller i Altinn (A01), er det alltid den siste a-meldinga som er sendt inn for månaden, som gjeld. Det vil seie at når du rettar feil eller manglar, skjer det alltid ei erstatning. Dersom du skal rette feil eller manglar i ei a-melding sendt frå Altinn (A01), må du sende ei ny a-melding for perioden frå Altinn (A01). Direkte registrering på skatteetaten.no erstatter ikkje tidligare sendt frå Altinn (A01). Du kan derfor ikjee sende a-melding direkte på skatteetaten.no for å rette feil eller manglar i ei a-melding sendt frå Altinn. 

     

    Ny a-melding

    Alternativet til ei erstatningsmelding er å sende ei ny a-melding som rettar feil eller manglar i ei a-melding som er sendt inn tidlegare.

     

    Diagram. Send a-melding nummer 1. Rett feil eller manglar. Send a-melding nummer 2. A-melding 1 og 2 gjeld for perioden. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.

     

    Når du sender ei ny a-melding, skal du oppgi

    • ein unik meldings-ID for månaden
    • opplysningar som rettar opp feil eller manglar i ei a-melding som er sendt tidlegare for månaden

     

    Døme på bruk av ny a-melding

    Eit reinhaldsfirma sender a-melding for september. Etter at dei har sendt a-meldinga, oppdagar dei at ho inneheld feil. Dei har ført opp 10 000 kroner for mykje i lønn til ein av dei tilsette. 

    Dei sender ei ny a-melding for å rette opp feilen.

    A-melding for september
    Opphavleg a-melding med feil

    MeldingsID 10
    Månad september
    Fastlønn 35 000 kroner

    I tillegg oppgav dei alle andre obligatoriske opplysningar.

     

    Ny a-melding for september
    Reinhaldsfirmaet rettar feilen ved å korrigere det som er for mykje, med eit negativt beløp.

    MeldingsID   20
    Månad   september
    Fastlønn - 10 000 kroner

    I tillegg oppgir dei alle andre obligatoriske opplysningar.

    Både den opphavlege og den nye a-meldinga gjeld då for september, og lønna til den tilsette er redusert med 10 000 kroner (35 000 – 10 000 = 25 000).

     

    Sletting av a-melding og bruk av 0-melding

    Ei 0-melding er ei melding som anten er blank eller inneheld 0-verdiar og erstattar ei tidlegare a-melding med innhald. Somme nyttar 0-meldingar for å rette feil.

    Sender du ei 0-melding, må du vere merksam på at det kan føre til at informasjon for ein eller fleire periodar manglar og at det ikkje er nokon opplysningar om arbeidsgivaren eller den tilsette.

    Viss du må bruke 0-melding bør du sende ei ny, korrekt a-melding med innhald med ein gong slik at arbeidsgivaren og den tilsette ikkje blir ståande utan opplysningar om arbeidsgivaravgift, forskotstrekk, arbeidsforholdsopplysningar og inntekt i a-ordninga.

    Det er mange som brukar opplysningane som ein rapporterer i a-meldinga. Når data blir sletta eller nulla ut, aukar sjansen for til dømes feil grunnlag for skattemelding, feil i utbetalingar av ytingar frå NAV og lengre sakshandsamingstid.

     

    Kva måte skal du bruke

    For deg som sender frå eit system (A02)

    Sender du a-melding frå eit system, tilrår vi at du sjekkar med systemleverandøren om du skal bruke erstatningsmelding eller ny a-melding for å rette feil eller manglar. Kva du skal bruke, kan variere frå system til system.

    Ved enkelte typar feil er det berre erstatningsmelding som kan brukast til å rette opplysningar.

    Døme:

    • Dersom du har oppgitt feil organisasjonsnummer på ei verksemd, må du sende erstatningsmelding for å erstatte feil organisasjonsnummer med rett organisasjonsnummer.
    • Dersom du har oppgitt feil fødselsnummer for ein inntektsmottakar, må du sende erstatningsmelding for å erstatte feil fødselsnummer med rett fødselsnummer

     

    For deg som sender direkte på skatteetaten.no

    Sender du a-melding direkte på skatteetaten.no er erstatningsmelding det eineste alternativet dersom du må gjere endringar i ei a-melding du allereie har sendt. Den forrige a-meldinga for perioden blir erstatta av den nye a-meldinga. Den nye a-meldinga må derfor innehalde all den informasjonen du skal rapportere den månedan. I oversikten over sendte a-meldingar kan du velge Endre a-melding, og foreta de aktuelle endringane. Når du sender  den endrede a-meldinga blir den forrige a-meldinga for perioden bli erstattet av den nye a-meldinga for perioden.

     

    For deg som sender direkte i Altinn (A01) 

    Sender du a-melding direkte i Altinn, må du alltid bruke erstatningsmelding for å rette feil eller manglar. Oppgi at du ønskjer å erstatte ei tidlegare innsend melding, kva melding det gjeld, og kva månad du ønskjer å erstatte.

    Sjå veiledninga til A01 for meir informasjon om korleis du rettar

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring