Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Årsak til sluttdato

  • Oppdatert: 01.12.2021

Du må oppgi årsak til sluttdato når det blir sett ein sluttdato på arbeidsforholdet.

    Kort om årsak til sluttdato

    Når du set ein sluttdato på eit arbeidsforhold, må du oppgi årsaka til at du avsluttar arbeidsforholdet. Eit arbeidsforhold blir normalt sett ikkje avslutta av seg sjølv, men ved at anten arbeidstakar seier opp eller blir oppsagd. Dersom arbeidstakar seier opp, er kravet at oppseiinga skal vere skriftleg. Dersom arbeidstakaren blir sagt opp, må ei rekkje formkrav vere innfridde for at oppseiinga skal vere gyldig. Mellom anna blir det stilt krav til at oppseiinga er sakleg grunngitt.

    Saklege grunnar kan vere

    • nødvendig nedbemanning eller omstilling
    • alvorlege brot på arbeidsavtalen

    På nettsidene til Arbeidstilsynet finn du meir informasjon om oppseiing og kva føresegner som gjeld for statstilsette og andre særskilde grupper.

    Går den tilsette av med pensjon skal du oppgi det som arbeidstakar sjølv har sagt opp. Den same nemninga skal du også bruke dersom den tilsette dør.

    Mellombelse arbeidsforhold er tidsavgrensa og blir som regel avslutta av seg sjølve med mindre noko anna skjer, til dømes at arbeidstakar seier opp før avtalen går ut. Når kontraktperioden er omme, blir også arbeidsforholdet avslutta. Du kan oppgi den framtidige sluttdatoen allereie frå den første a-meldinga. Då må du også oppgi sluttårsak. Dersom arbeidsforholdet går over i ei fast stilling, endrar du tilsetjingsform. I dette tilfellet oppgir du ikkje sluttdato og sluttårsak. Sjå korleis du oppgir endring frå mellombels til fast under tilsetjingsform.

    Det kan også bli nødvendig å avslutte arbeidsforholdet dersom organisasjonsstrukturen hos arbeidsgivar blir endra gjennom til dømes fusjon eller fisjon. Det same gjeld viss arbeidstakaren har bytt jobb internt, slik at vedkomande no jobbar ved ei anna undereining enn før. Byte av type jobb/oppgåver internt i same undereining inneber normalt sett ikkje at arbeidsforholdet blir avslutta med sluttdato. Dette gjeld sjølv om bytet til dømes medfører skifte av yrke.

    Arbeidsforholda blir ikkje avslutta ved at arbeidsgivar byter lønnssystem eller rekneskapsførar. Ved slike byte kan det likevel vere behov for å avslutte arbeidsforhold ved å oppgi først sluttdato og deretter nytt arbeidsforhold frå det nye systemet. I slike tilfelle må du oppgi årsaka til at sluttdato er sett. Viss du er i ein slik situasjon, bør du kontakte systemleverandøren eller rekneskapsføraren din for å avklare om det er nødvendig å setje sluttdato og årsak til sluttdato for arbeidsforholda.

    Dersom du har oppgitt eit arbeidsforhold som du ikkje skulle ha rapportert i a-meldinga, skal du oppgi dette også i årsak til sluttdato.

    Du kan velje mellom følgjande alternativ som årsak til sluttdato:

    • arbeidstakar har sjølv sagt opp
    • arbeidsgivar har sagt opp arbeidstakaren
    • kontrakt, engasjement eller vikariat er utgått
    • arbeidsforholdet skulle aldri ha vore rapportert
    • endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte
    • byte av lønnssystem eller rekneskapsførar

     

    Døme der arbeidstakar sjølv seier opp

     

    Døme 1

    Knut har fått ny jobb og leverer inn oppseiing til sin noverande arbeidsgivar, Firma A. Firma A sender ei a-melding der siste arbeidsdagen til Knut blir oppgitt som sluttdato for arbeidsforholdet. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at arbeidstakar har sagt opp sjølv.


    Døme 2

    Blomsterbutikken AS har fått eit brev frå Skatteetaten om å ha oppgitt arbeidsforhold på to arbeidstakarar i over 12 månader, utan at det er oppgitt noko lønn til desse i a-meldinga det siste året. Butikken sjekkar i lønnssystema sine og ser at de to tilsette har sagt opp og slutta for lenge sidan, men at ein har gløymt å sende inn opplysningar om sluttdato på arbeidsforholdet. I neste a-melding set butikken faktisk sluttdato på arbeidsforholda. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at arbeidstakar har sagt opp sjølv.


    Døme 3

    Kari har søkt på og fått ei fast stilling i Finansdepartementet. Ho søkjer om permisjon frå stillinga ho har i Skatteetaten. Etter reglane for permisjon, har ho krav på inntil eitt års permisjon frå Skatteetaten når ho byter til ein annan jobb i staten. I og med at Kari har bytt arbeidsgivar, skal arbeidsforholdet avsluttast i Skatteetaten sjølv om ho har fått permisjon. Skatteetaten sender a-melding og set sluttdato på arbeidsforholdet. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at arbeidstakar har sagt opp sjølv.


    Døme 4 - pensjonist

    Isabell arbeidar som frisør ved Hårklipp Frisørsalong. Ho fyllar 67 år i mai og har bestemt seg for å gå av med alderspensjon frå 1.juni og leverer oppseiing til sin arbeidsgivar. Hårklipp Frisørsalong sendar a-melding og set sluttdato på arbeidsforholdet. I tillegg oppgir dei årsak til at dei har satt sluttdato på arbeidsforholdet. Dei oppgir at arbeidstakar har sagt opp sjølv.


    Døme 5 - dødsfall

    Viss ein tilsett døyr oppgir arbeidsgivar sluttdato på arbeidsforholdet. I tillegg oppgir dei arbeidstakar har sagt opp sjølv som årsak til sluttdato på arbeidsforholdet.

     

    Døme der arbeidsgivar seier opp ein arbeidstakar

     

    Døme

    Ali jobbar i ein butikk som sel datautstyr. Grunna sviktande etterspurnad må butikken redusere drifta med 25 prosent. Ali er ein av de siste som har blitt tilsett i butikken, og blir sagt opp. Butikken sender a-melding der sluttdato på arbeidsforholdet til Ali blir oppgitt. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at arbeidsgivar har sagt opp arbeidstakaren.

     

    Døme der kontrakt, engasjement eller vikariat er utgått

     

    Døme 1

    Christina har fått eit kort oppdrag og skal jobbe i éin dag som lydteknikar på eit arrangement. Rekneskapsføraren sender a-melding på vegner av arrangøren. Ettersom Christina berre har jobba éin dag, oppgir rekneskapsføraren start- og sluttdato på arbeidsforholdet som same dag i a-meldinga. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at kontrakt, engasjement eller vikariat er utgått.

    Døme 2

    Julie får sommarjobb i botanisk hage og har kontrakt frå 1. juli til 15. august. I a-meldinga for august blir sluttdatoen for arbeidsforholdet til Julie sett til 15. august. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at kontrakt, engasjement eller vikariat er utgått.

    Sjå tilsetjingsform for døme på korleis du oppgir at arbeidstakar endrar stilling frå mellombels til fast.

     

    Døme der arbeidsforholdet aldri skulle ha vore rapportert

     

    Døme 1

    Per skal starte i eit vikarbyrå etter sommarferien. For at alt skal vere på plass før Per byrjar 1. august, sender arbeidsgivaren ei a-melding for juli der han legg inn opplysningar om arbeidsforholdet til Per med startdato 1. august. Per møter ikkje på jobb første arbeidsdag fordi han har fått ein annan jobb. Ettersom vikarbyrået allereie har oppgitt arbeidsforholdet til Per, må det sende ny a-melding for å slette det. Sluttdato på arbeidsforholdet blir her sett til same dato som startdato og stillingsprosenten blir sett til 0. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at arbeidsforholdet aldri skulle ha vore rapportert.

    Døme 2

    Det svenske firmaet AB har eit kort oppdrag i Noreg som underleverandør til eit større norsk firma. Firmaet veit at det må melde frå til Skatteetaten på skjema RF-1199 og RF-1198 om oppdraget og dei tilsette som skal jobbe med det. I tillegg må det sende a-melding. Firma AB opplyser om både lønn og arbeidsforhold i a-meldinga. Det får deretter informasjon om at det er friteke frå rapporteringsplikt for arbeidsforholda, og ønskjer å slutte å rapportere dei i a-meldinga. Firmaet sender ei a-melding der sluttdatoen er lik startdato på alle arbeidsforholda og stillingsprosenten er 0. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at arbeidsforholdet aldri skulle ha vore rapportert.


    Døme 3

    Arbeidsgivaren til Emil har hatt litt rot i HR- og lønnssystema sine og har oppgitt fleire arbeidsforhold med 100 % stillingsprosent på Emil. Emil har berre eitt arbeidsforhold. Arbeidsgivaren må difor avslutte arbeidsforholdet som ikkje er reelt. Arbeidsgivaren sender ei a-melding der sluttdatoen er lik startdato på arbeidsforholdet og stillingsprosenten er 0. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at arbeidsforholdet aldri skulle ha vore rapportert.


    Døme 4

    Linda har i 3 månader jobba som journalist i lokalavisa. Ho har høyrt at Skatteetaten har ei teneste som gir henne innsyn i opplysningane som arbeidsgivar har rapportert om henne. Linda har lyst til å teste denne, og tenkjer at det kanskje også kan bli ein artikkel i avisa ut av det. Ho loggar seg inn i tenesta «Mine inntekter og arbeidsforhold» og ser at ho står oppført med eit ordinært arbeidsforhold. Dette stemmer ikkje. Ho er frilansar. Linda ber arbeidsgivaren rette opp i feilen. Arbeidsgivaren rettar opp og sender ei a-melding der sluttdatoen er lik startdato på det ordinære arbeidsforholdet og stillingsprosenten er 0. I tillegg blir det lagt inn årsak til at sluttdatoen er sett. Her blir det forklart at arbeidsforholdet aldri skulle ha vore rapportert. I tillegg oppgir avisa eit arbeidsforhold av typen frilansar på Linda.


    Døme 5

    Karl eig eit enkeltpersonføretak der han jobbar saman med to tilsette. Kvar månad sender Karl ei a-melding med opplysningar om inntekt og arbeidsforhold for seg sjølv og dei to tilsette. Karl får eit brev frå Skatteetaten der det står at han ikkje skal sende inn opplysningar om sitt eige arbeidsforhold som eigar i a-meldinga. Desse opplysningane skal i staden sendast i Næringsoppgåva. Det er berre dei andre tilsette Karl skal oppgi opplysningar om arbeidsforhold for i a-meldinga. Han sender ei a-melding på det feilrapporterte arbeidsforholdet der sluttdato er lik startdato og stillingsprosenten 0. I tillegg legg han inn årsaka til at han har sett sluttdato. Han oppgir at arbeidsforholdet aldri skulle ha vore rapportert.

     

    Døme knytt til endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte

     

    Døme 1

    Philip jobbar som kundebehandlar i eit firma som har fleire undereiningar. Det blir utlyst ei leiarstilling i ei anna undereining enn den Philip jobbar i. Philip søkjer på og får jobben som leiar. I a-meldinga oppgir arbeidsgivar sluttdato på stillinga til Philip som kundebehandlar, og oppgir eit nytt arbeidsforhold med ny startdato og ny arbeidsforholdsID på leiarstillinga. I tillegg blir det lagt inn årsak til at det er sett sluttdato på kundebehandlarjobben. Her blir endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte oppgitt som forklaring.


    Døme 2

    Undereininga som Emil jobbar i, blir slått saman med ei anna undereining i same selskap. Når arbeidsgivar sender a-melding, blir det sett ein sluttdato på arbeidsforholdet til Emil i den gamle undereininga. Samstundes blir det oppgitt eit nytt arbeidsforhold med ny startdato og ny arbeidsforholdsID i den nye, samanslegne undereininga. Vidare blir det lagt inn årsak til at det er sett ein sluttdato på arbeidsforholdet i den gamle undereininga. Her blir endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte oppgitt som forklaring.


    Døme 3

    Mari jobbar i eit lite rekneskapsbyrå som blir kjøpt opp av eit større byrå. Etter oppkjøpet blir det vesle rekneskapsbyrået ei ny undereining i den nye hovedeininga. Dermed får Mari formelt sett ein ny arbeidsgivar og det gamle arbeidsforholdet blir avslutta. Dei som jobbar ved lønnsavdelinga, må oppgi årsak til at dei har sett sluttdato på arbeidsforholdet. Her blir endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte oppgitt som forklaring.

    Døme 4

    Lisbeth jobbar i eit selskap som har tilsette både til sjøs og på land. Lisbeth har eit maritimt arbeidsforhold ettersom ho jobbar på båt. Lisbeth blir gravid og arbeidsgivar tilbyr henne ei stilling på land som ho takkar ja til. I og med at ho ikkje lenger har eit maritimt arbeidsforhold, må arbeidsgivar avslutte dette ved å setje sluttdato på arbeidsforholdet. Samstundes blir det oppretta eit nytt ordinært arbeidsforhold. I tillegg blir det oppgitt årsak til at det er sett sluttdato på det maritime arbeidsforholdet. Her blir endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte oppgitt som forklaring.


    Døme 5

    Kari arbeider i eit flyttebyrå og trivst godt i jobben. Arbeidsgivar er særs nøgd med Kari og ønskjer at ho skal flytte over til ei anna avdeling som ligg i nabobyen. Der treng ein kompetansen til Kari. Ettersom Kari byter kontorstad, blir ho tilsett i ei ny undereining. Flyttebyrået set sluttdato på arbeidsforholdet i den tidlegare avdelinga og opprettar eit nytt arbeidsforhold i den nye. Som årsak til at det er sett ein sluttdato på arbeidsforholdet i den gamle, oppgir dei endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte.


    Døme 6

    Fram til nyttår jobba Lina i Bølstad kommune, som no har blitt ein del av storkommunen Indre Viken. Arbeidsforholdet hennar i Bølstad kommune blir avslutta og det blir oppgitt eit nytt arbeidsforhold i Indre Viken kommune. Kommunen må oppgi årsaka til at det er sett ein sluttdato på arbeidsforholdet i Bølstad. Her blir endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte oppgitt som forklaring.

     

     

    Døme på byte av lønnssystem eller rekneskapsførar

    Det er fleire måtar å byte lønnssystem eller rekneskapsførar på. I døma under går vi ut frå at du skal avslutte arbeidsforholda og opprette nye. Du finn fleire framgangsmåtar i rettleiinga byte lønnssystem.

    Døme 1

    Gartnar AS har tre tilsette og enkle arbeids- og lønnsforhold. Fram til no har bedrifta sendt a-melding frå eit enkelt lønnssystem. Etter å ha fått mange nye oppdrag den siste tida, planlegg bedrifta å utvide, og treng ein rekneskapsførar. Rekneskapsføraren det blir inngått avtale med, bruker eit anna lønnssystem enn bedrifta. Frå sitt enkle lønnssystem sender bedrifta ei a-melding der det blir oppgitt sluttdato på alle arbeidsforholda. Rekneskapsføraren sender ei a-melding frå systemet og oppgir startdato på arbeidsforholda dagen etter sluttdatoen som blei sett i det gamle lønnssystemet. Som årsak til at det er sett ein sluttdato på arbeidsforholda i det gamle systemet, oppgir ein byte av lønnssystem eller rekneskapsførar.


    Døme 2

    Eit firma inngår avtale med ein ny lønnssystemleverandør. Det har vore mykje rot i det gamle systemet, og ein ønskjer å starte heilt på nytt i det nye. Firmaet set difor sluttdato på alle arbeidsforholda i det gamle systemet og opprettar nye arbeidsforhold, frå dagen etter sluttdato, i det nye systemet. Som årsak til at det er sett ein sluttdato på arbeidsforholda i det gamle systemet, oppgir ein byte av lønnssystem eller rekneskapsførar.

     

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må oppgi årsak til sluttdato for alle ordinære og maritime arbeidsforhold når du oppgir ein sluttdato på arbeidsforholdet. Det er frivillig å oppgi årsak til sluttdato for frilanserforhold.

    Du skal ikkje oppgi årsak til sluttdato for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

     

    Når skal du rapportere

    Oppgi årsak til sluttdato når du avsluttar og oppgir en sluttdato på eit arbeidsforhold.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-187-4 
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-187-7 
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-273
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-275
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-297
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-500
    Ugyldig verdi

    Se også oversikt over alle feilmeldinger

    Dersom du har gløymt å oppgi eller oppgitt feil årsak til sluttdato, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

     

    Kva bruker vi opplysningane til

    Opplysningar om årsak til sluttdato for ordinære og maritime arbeidsforhold blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å få desse. Døme på slike aktørar er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.

    Opplysningar om årsak til sluttdato gjer at NAV kan effektivisere saksbehandlinga, arbeidsformidlinga og oppfølginga si av stønadsmottakarar.

    Statistisk Sentralbyrå (SSB) bruker opplysningane til å kvalitetssikre data om arbeidsforhold.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Forskrift om AA-registeret § 6

    • Statistikkloven § 10

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring