Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Siste dato for endring av stillingsprosent

  • Oppdatert: 17.12.2020

Første gong du oppgir eit arbeidsforhold skal den siste datoen for endring av stillingsprosent og startdatoen vere like.

    Kort om dato for endring av stillingsprosent 

    Før opp datoen stillingsprosenten sist blei endra.

    Er det første gong du rapporterer arbeidsforholdet, skal startdatoen på arbeidsforholdet og den siste datoen for endring av stillingsprosent vere den same.

     

    Døme

    Fatima endrar arbeidsavtalen 10. februar frå 100 til 80 prosent stilling. I a-meldinga for februar fører arbeidsgivaren opp stillingsprosent 80 og 10. februar som «dato for endring av stillingsprosent».

    William endrar arbeidsavtalen frå 18,75 til 37,5 timar per veke. Endringa skjer frå den 15. juni. Stillingsprosenten er endra frå 50 til 100 prosent (fulltid for stillinga er 37,5). I a-meldinga for juni fører arbeidsgivaren opp stillingsprosent 100 og 15. juni som «dato for endring av stillingsprosent».

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må føre opp datoen for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.

    Det er frivillig for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar. Bør givast opp dersom har rapportert stillingsprosent.

    Du skal ikkje føre opp stillingsprosent eller endring i denne for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

     

    Når skal du rapportere

    Før opp siste dato for endring av stillingsprosent den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-258
    Ulogisk dato for endring av stillingsprosent
    MAGNET_EDAG-187-4
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-275
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil dato, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03) kan du rette feilen i neste a-melding. Kontroller òg at opplysningar om stillingsprosent stemmer. Du treng ikkje å endre tidlegare innsende a-meldingar.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    NAV nyttar opplysningane i sakshandsaminga. Ei endring i stillingsprosent forklarer ofte kvifor inntekta er endra og det kan ha noko å seie for rett utrekning av ytingar som sjukepengar.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane i lønnsstatistikken. SSB må vite kor mange dagar i ein månad som er med gammal og ny stillingsprosent for å få eit korrekt forhold mellom arbeidstid og utbetalt lønn.

    Opplysningar om siste dato for endring av stillingsprosent blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei.  Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Forskrift om AA-registeret § 6

    • Folketrygdloven § 25-1

    • Statistikkloven § 10

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring