Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Stillingsprosent

  • Oppdatert: 02.12.2021

Stillingsprosenten er den avtalte arbeidstida. Alle arbeidsavtalar skal innehalde opplysningar om arbeidstid. Dette gjeld uavhengig av om stillinga er fast eller mellombels, eller om du utbetalar fastlønn eller timelønn.

    Kort om stillingsprosent i a-meldinga

    Før opp stillingsprosenten som står i arbeidsavtalen til den tilsette. Dersom avtala beskriv arbeidstida som timar, må du rekne timane om til stillingsprosent. Ubetalte matpausar skal ikkje reknas med.

     

    Døme

    Maria har avtalt arbeidstid på 20 timar per veke på eit lager der full stilling er 37,5 timar. Oppgi stillingsprosenten til 53,33.

    Slik reknar du ut stillingsprosenten:
    Talet på timar i arbeidsavtalen: 20 timar
    Talet på timar for ei full stilling: 37,5 timar
    Utrekning: 20 timar x 100/37,5 timar = 53,33
    Stillingsprosent = 53,33

    Nora har ei 30 prosent fast stilling som tilkallingsvikar i Kommune A. Utover dette arbeider ho ofte ein del timar ekstra. Oppgi stillingsprosenten til 30.

    Jacob har i Kommune A ei fast stilling på 50 prosent som lærar ved Skule 1 og 25 prosent fast stilling som lærar ved Skule 2. Oppgi dette som to arbeidsforhold. Eitt med stillingsprosent 50 og eitt med stillingsprosent 25.

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må føre opp stillingsprosent for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.

    Det er frivillig for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.

    Du skal ikkje føre opp stillingsprosent for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

     

    Når skal du rapportere

    Før opp stillingsprosent den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.

     

    Kombinasjon av fastlønn og timelønn

    Før opp stillingsprosent knytt til fastlønna. Det den tilsette arbeider utover avtalt stillingsprosent og som blir lønt med timelønn skal ikkje reknast med i stillingsprosenten.

     

    Døme

    Knut arbeidar deltid i ei 40 prosent stilling. Han får lønna utbetalt som fastlønn. I ei periode jobbar han litt ekstra. Denne lønna utbetales som timelønn. Oppgi stillingsprosent 40. Før opp talet på timar (i lag med inntektsnemninga timelønn) for timane Knut arbeidde utover den avtale arbeidstida.

    Sjå òg timelønn.

     

    Når arbeidstid for timelønte varierer pga. helgedagar o.l.

    Før opp stillingsprosenten eller arbeidstida som er avtalt i arbeidskontrakten sjølv om det varierer kor mange timar ei 100 prosent stilling utgjer kvar månad. Dette gjeld òg dersom den tilsette får timelønn basert på innleverte timelister.

     

    Tilsette som er utleigde frå vikarbyrå, tilkallingsvikarar o.l.

    Før opp stillingsprosenten frå arbeidsavtalen, og for vikarar.

    Dersom det ikkje er oppgitt ein stillingsprosent i arbeidsavtalen kan du sjå korleis du reknar ut stillingsprosent i avsnittet "Kort om stillingsprosent i a-meldinga". For tilkallingsvikarar og andre som inngår fleire korte arbeidsavtalar i same månad, oppgi stillingsprosent 0. Oppgi talet på timar saman med lønnsbeskrivinga «timelønn» for alle timane som blir arbeidde.

    For tilsette i vikarbyrå kjem stillingsprosenten an på om den tilsette er på eit langt vikaroppdrag med avtalt arbeidstid eller ikkje.

    • For tilsette som skiftar mellom kortvarige oppdrag, 1-2 månader, fører ein opp stillingsprosent 0. Timane som er knytte til korttidsvikariatet skal førast opp som «talet på timar» knytte til variabelen «kontantyting timelønn».
    • For tilsette som blir leigde ut til eit langt oppdrag på 3 månader eller meir og stillingsprosenten her er avtalt med kunden, nyttar ein denne når ein gir opp stillingsprosenten.

     

    Viktig informasjon

    Du skal aldri føre opp 0 i stillingsprosent i staden for å rapportere stoppdato når eit arbeidsforhold ikkje har hatt vikaroppdrag den siste månaden.

     

    Døme

    Eit vikarbyrå leiar ut Lise til Verksemd C som kontormedarbeidar for 6 månader på fulltid. Vikarbyrået fører opp stillingsprosent 100 i månadene utleiga varer.

    Eit vikarbyrå leiar nokre gongar kvar månad ut Svein til ulike skular for å ta nokre einskildtimar. Vikarbyrået fører opp 0 i stillingsprosent. Timane som er knytte til korttidsvikariata fører dei opp som talet på timar» knytte til variabelen «kontantyting timelønn». 

     

    Når ein tilsett går opp eller ned i stillingsprosent

    Dersom ein tilsett har endra stillingsprosent skal du føre opp den korrekte stillingsprosenten i noverande rapporteringsmånad, og føre opp korrekt «siste dato for stillingsprosent». Denne datoen kan vere tilbake i tid, i inneverande månad, eller framover i tid.

     

    Døme

    Julie endrar stillingsprosent frå 12. mai frå 50 til 100 prosent. Arbeidsgivaren fører opp stillingsprosent 100 i a-meldinga for mai. «Siste dato for endring av stillingsprosent» er 12.mai.

    Sjå òg sist dato for endring av stillingsprosent.

     

    Stillingsprosent ved sjukefråvær eller permittering

    Du fører framleis opp den avtalte stillingsprosenten.

     

    Stillingsprosent ved permisjonog permittering

    Dersom den tilsette går ut i permisjon eller blir permittert, skal du ikkje endre stillingsprosenten, men rapportere permisjon eller permittering. Sjå òg permisjon eller permittering. 

     

    Døme
    Eli går ut i permisjon 50 % den 1. januar. Stillingsprosenten er den same som før, 100 %. Arbeidsgivaren fører opp permisjonsprosent 50 og stillingsprosent 100 i a-meldinga for januar.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-187-4
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-187-7
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-273
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-275
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-291
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet

    MAGNET_EDAG-503
    Ulogisk stillingsprosent

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du ført opp feil stillingsprosent og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemelding (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.

    Døme

    Jacob jobbar i eit advokatbyrå. Han aukar stillingsprosenten sin frå 50 til 100 prosent den 15.september. Advokatbyrået oppdagar først fleire månader seinare at dei har gløymt å endre stillingsprosenten i a-meldinga for september. 

    Dei endrar då stillingsprosenten på den første mogelege a-meldinga og oppgir 15.september «siste dato for endring av stillingsprosent». Dei treng ikkje å endre tidlegare innsende a-meldingar.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    NAV nyttar opplysningar om stillingsprosent for å avgjere om ein person har rett på ytingar og storleiken på desse ytingane. Gjeld til dømes foreldrepengar, sjukepengar og dagpengar. 

    Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningar om stillingsprosent i lønnsstatistikken, for å rekne ut årsverk i sysselsetjingsstatistikk og i sjukefråværstatistikk.

    Opplysningar om stillingsprosent blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Forskrift om AA-registeret § 6

    • Folketrygdloven § 25-1

    • Statistikkloven § 10

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring