Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Tilsetjingsform

  • Oppdatert: 22.01.2025

Tilsetjingsforma viser om arbeidstakaren er fast eller mellombels tilsett. Dette skal stå i arbeidsavtalen. Det du oppgir i a-meldinga må samsvare med dette. Du må oppgi eigne tilsetjingsformtypar for arbeidstakarar som er tilkallingsvikarar eller utleigde.

    Kort om tilsetjingsforma 

    Tilsetjingsforma viser kva slags type tilsetjingsforhold arbeidstakaren har. Tilsetjingsforma kan vere fast eller mellombels. Oppgi den tilsetjingsforma som står i arbeidsavtalen til den tilsette. 

    Du kan velje mellom desse tilsetjingsformene: 

    • fast tilsett 
    • mellombels tilsett 
    • fast tilsett og utleigd 
    • mellombels tilsett og utleigd 
    • mellombels tilsett som tilkallingsvikar 

     

    Fast tilsett 

    Når ein arbeidstakar er fast tilsett, er det ikkje noka tidsavgrensing på arbeidsforholdet. For at ei fast stilling skal opphøyre, må reglane om opphøyr av eit arbeidsforhold følgjast.  

    Ein arbeidstakar som er fast tilsett, kan i ein periode fungere i ei anna mellombels stilling, eller i eit vikariat, hos den same arbeidsgivaren. Korleis ein skal oppgi dette i a-meldinga, kjem an på om vikariatet er i den same undereininga eller i ei anna undereining under den same hovudeininga.

    Er vikariatet i den same undereininga, skal den tilsette framleis rapporterast som fast tilsett. Men blir yrkeskoden og/eller lønna endra, må desse opplysningane endrast. Dersom vikariatet er i ei anna undereining under den same hovudeininga, må ein oppgi permisjon frå den faste stillinga, og ein må oppgi eit nytt mellombels arbeidsforhold på vikariatet med ein ny startdato og ein ny arbeidsforholdsID. 

    Døme 

    Tilsetjingsform 

    Kommentar 

    Kine har ei administrativ stilling i ein kommune. Ho er fast tilsett i ei 100 prosent stilling. 

    Fast tilsett 

     

    Laila er fast tilsett i eit konsulentselskap som får i oppdrag å skrive ein rapport for ei anna bedrift. Konsulentselskapet leier arbeidet, og har ansvaret for resultatet.  

    Fast tilsett 

    Arbeidet blir leidd av konsulentselskapet, og konsulentselskapet har ansvaret for resultatet.  

    Peder er fast tilsett på ein bensinstasjon. Sjefen hans på bensinstasjonen skal ut i foreldrepermisjon frå 1. mai, og Peder skal fungere i stillinga hennar medan ho er i permisjon.  

    Fast tilsett 

    Arbeidsgivaren skal frå 1. mai framleis oppgi Peder som fast tilsett, men her må yrkeskoden endrast. 

    Frisørsalongen Saks har to undereiningar: ei i Oslo og ei i Bergen. Bente er fast tilsett ved undereininga i Oslo, men skal vikariere som dagleg leiar ved avdelinga i Bergen i ti månader. Bente får permisjon frå den faste stillinga hennar i Oslo medan ho er vikar som dagleg leiar i Bergen.  

    Oslo:  

    Fast tilsett og i permisjon 

     

    Bergen: 

    Mellombels tilsett 

     

     

    Mellombels tilsett 

    Eit mellombels arbeidsforhold er eit arbeidsforhold som er avtalt for ein gitt periode eller for eit gitt arbeid, som skal vere spesifisert i arbeidsavtalen.  

    Mellombelse tilsetjingar er vanlege ved 

    • sesongarbeid 
    • prosjektarbeid 
    • vikariat 
    • åremålsstillingar 

    Du kan lese meir om mellombelse tilsetjingar på nettsidene til Arbeidstilsynet.

    Døme 

    Tilsetjingsform 

    Kommentar 

    Knut arbeider på eit gartneri og har ein arbeidsavtale som varer frå april til juli. Han arbeider på gartneriet kvart år. Dette er sesongarbeid som berre varer ein del av året.  

    Mellombels tilsett 

     

    Anne er tilsett i ei prosjektstilling for å byggje opp eit nytt fagsystem, og for å gi arbeidsgivaren råd og rettleiing i bruken av løysinga. Arbeidsavtalen er tidsavgrensa og går over to år.  

    Mellombels tilsett 

     

     

    Har du leigd ut tilsette til ei anna verksemd?  

    Har du ein tilsett som er utleigd, skal tilsetjingsforma anten vere fast tilsett og utleigd eller mellombels tilsett og utleigd.   

    Når ein arbeidstakar er utleigd, er arbeidstakaren leigd ut til ei anna verksemd (hovudeining) gjennom ein avtale med denne verksemda. For at ein arbeidstakar skal reknast som utleigd, må arbeidet arbeidstakaren gjer som hovudregel bli leidd av verksemda som leiger han inn (innleigaren). Ansvaret for resultatet av arbeidet må også som hovudregel vere innleigaren sitt.

    Er dette tilfellet hos deg, vel du anten fast tilsett og utleigd eller mellombels tilsett og utleigd som tilsetjingsform. Det er selskapet som leiger ut den tilsette som skal rapportere arbeidsforholdet til den utleigde arbeidstakaren. Innleigaren skal ikkje rapportere arbeidsforholdet til den innleigde arbeidstakaren i a-meldinga.  

    Du finn meir informasjon om kva ein meiner med utleige av arbeidskraft i § 14-12 i arbeidsmiljølova, og i rettleiaren for innleige av arbeidskraft frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID).  


    Kva skal til for å vere utleigd?
     

    Det er to kriterium som avgjer om den tilsette skal definerast som utleigd. 

    1. Dersom det går fram av arbeidsavtalen til den tilsette at utleige til kundar eller oppdragsgivarar er ein del av stillinga, skal den tilsette rapporterast som utleigd. Det gjeld uansett om den tilsette har vore utleigd til ei anna verksemd i den aktuelle perioden eller ikkje. Dersom den tilsette har periodar utan oppdrag hos ein kunde eller ein oppdragsgivar, skal du ikkje endre tilsetjingsforma til fast tilsett eller mellombels tilsett.  

    Eller  

    2. Dersom den tilsette har vore utleigd minst ein dag i månaden, skal du rapportere den tilsette som utleigd. Dersom den tilsette berre i periodar er utleigd til ein kunde eller ein oppdragsgivar, skal du rapportere den tilsette som utleigd. Det gjeld uansett kva som står i arbeidskontrakten. 

    Døme 

    Tilsetjingsform 

    Kommentar 

    Kari er fast tilsett i eit bemanningsbyrå. Ho blir leigd ut for å arbeide som lagermedarbeidar i to månader.  

    Fast tilsett og utleigd 

    Innleigeselskapet har gjort ein avtale med bemanningsbyrået, arbeidet blir leidd av innleigeselskapet og innleigeselskapet er ansvarleg for resultatet av arbeidet Kari gjer. 

    Tommy er fast tilsett hos Konsulentselskapet AS. Ein dag i månaden blir han leigd ut til ein kunde.  

    Fast tilsett og utleigd 

    Sidan Tommy er leigd ut minst ein dag i rapporteringsmånaden, skal han reknast som fast tilsett og utleigd.  

    Victor er fast tilsett som tømrar i ei handverksbedrift. Han blir leigd ut til ei anna handverksbedrift i fire månader for å arbeide på eit byggjeprosjekt.  

     

    Fast tilsett og utleigd 

    Selskapet som har leigd inn Victor leier arbeidet og er ansvarleg for arbeidet Victor gjer under byggjeprosjektet.  

    Ole er fast tilsett som utviklar i eit konsulentselskap. Han blir leigd ut til ei statleg verksemd for å jobbe med eit IT-prosjekt.  

    Fast tilsett og utleigd 

    Den statlege verksemda har gjort ein oppdragsavtale med konsulentselskapet, og den statlege verksemda leier arbeidet og er ansvarleg for arbeidet Ole gjer under prosjektet.  

    Thomas er fast tilsett som flyvert i eit flyselskap. I konsernet Thomas arbeider for, har dei skilt ut dei som jobbar som kabinpersonale i eiga verksemd (hovudeininga) og dei som konsernet leiger ut til ei anna verksemd i konsernet gjennom ein avtale.  

     

    Fast tilsett og utleigd 

    Verksemda som har leigd inn Thomas leier arbeidet og har ansvaret for arbeidet Thomas gjer medan han er leigd inn.  

    Line er mellombels tilsett i eit bemanningsbyrå. Ho blir leigd ut som barnehagemedarbeidar i tre månader.  

    Mellombels tilsett og utleigd 

    Barnehagen som leiger inn Line leier arbeidet og har ansvaret for arbeidet Line gjer i denne perioden.  

     

    Mellombels tilsett som tilkallingsvikar 

    Ein tilkallingsvikar er ein person som ikkje har ein fast avtalt stillingsprosent, og som jobbar når det trengst. Ein tilkallingsvikar kan også bli kalla for tilkallingshjelp eller ekstrahjelp.  

    Tilsetjingsforholdet varer normalt ikkje utover dei avtalte vaktene. 

    I arbeidsavtalen skal arbeidsgivaren ha spesifisert at tilkallingsvikaren berre jobbar ved behov. 

    Har du ein arbeidstakar som er fast tilsett som tilkallingsvikar, skal du oppgi tilsetjingsforma fast tilsetjing. 

    Døme 

    Tilsetjingsform 

    Kommentar 

    Petter har ein avtale som mellombels tilsett som tilkallingsvikar på ein skule. Det går ikkje fram av avtalen kor mykje og eventuelt når han skal jobbe. Han jobbar om og når arbeidsgivaren treng det.  

    Mellombels tilsett som tilkallingsvikar 

     

    Karl har ein avtale som tilkallingsvikar på uterestauranten «Godt vêr». Det varierer med vêret kor mange dei treng på jobb, og det står i arbeidsavtalen til Karl at han jobbar ved behov.  

    Mellombels tilsett som tilkallingsvikar 

     

    Sofie er fast tilsett på SFO, og ho er tilkallingsvikar på ein barneskule i den same kommunen. 

    SFO: 

    Fast tilsett 

     

    Barneskulen:  

    Mellombels tilsett som tilkallingsvikar 

    Sofie har fleire arbeidsforhold hos den same arbeidsgivaren, sjå rettleiinga for ArbeidsforholdsID for meir informasjon om korleis arbeidsforholda skal rapporterast i slike tilfelle.  

     

    Er det obligatorisk? 

    Ja, du må oppgi tilsetjingsforma for alle ordinære og maritime arbeidsforhold. 

    Du må ikkje oppgi tilsetjingsforma for frilansarar, oppdragstakarar og personar som får honorar, eller for pensjonar eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold. 

    Kva tid skal du rapportere? 

    Du skal oppgi tilsetjingsforma når du rapporterer arbeidsforholdet og gjenta det kvar månad til og med den månaden du avsluttar arbeidsforholdet. 


    Endre tilsetjingsforma
     

    Dersom ein tilsett byter tilsetjingsform, kan du oppgi den nye tilsetjingsforma den månaden den tilsette byter. 

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-291
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil

    Se også oversikt over alle feilmeldingar

    Har du gløymt å oppgi eller oppgitt feil tilsetjingsform, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03), skal du rette feilen i a-meldinga som er feil eller mangelfull.

     

     

    Kva bruker vi opplysningane til? 

    Opplysningane om tilsetjingsforma for ordinære og maritime arbeidsforhold blir overførte til Aa-registeret. Nav gir ut opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å få dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet. Nav bruker også opplysningane til statistikk over tilsetjingsforhold. 

    Opplysningar om tilsetjingsform gjer at Nav kan tilpasse og effektivisere saksbehandlinga, arbeidsformidlinga og oppfølginga av stønadsmottakarar. 

    Nav har behov for informasjon om at ein arbeidstakar er tilkallingsvikar for å kunne vurdere retten til ytingar etter blant anna folketrygdloven kapittel 8. For å ha rett til sykepengar må ein ha vore i arbeid dei siste fire vekene rett før ein blei arbeidsufør. Ein tilkallingsvikar har ikkje faste arbeidsdagar og det vert i praksis gjort ei eiga vurdering av dette vilkåret for desse. Nav er derfor avhengig av å kunne identifisere tilkallingsvikarar.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) bruker opplysningane til statistikk om tilsetjingsform og om omfanget av utleigde arbeidstakarar.  

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring