Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsgivaravgift og finansskatt

Finansskatt på lønn

  • Oppdatert: 11.01.2024

Gjeld finansskatt på lønn for tilsette i finans- og forsikringssektoren.

    Kort om finansskatt på lønn

    Finansskatt på lønn er ein skatt på lønnsgrunnlaget i finanssektoren. Finansskatten utgjer 5 prosent av lønnsgrunnlaget i verksemda. 

    I a-meldinga skal du oppgi sum for finansskatt på lønn for heile verksemda.

    Dersom du rapporterer for fleire undereiningar i den same a-meldinga, skal du føre opp totalsummen for alle undereiningane.

    Les meir om finansskatt

     

    Kven skal betale finansskatt

    Finansskatten omfattar i utgangspunktet alle arbeidsgivarar med tilsette som utfører aktivitetar  som kjem inn under næringshovudområde K i Statistisk sentralbyrå sin standard for næringsgruppering (SN2007).

    Det vil seie:

    • finansieringsverksemd
    • forsikringsverksemd og pensjonskasser, unnateke trygdeordningar som ligg under offentleg forvalting
    • tenester knytte til finansierings- og forsikringsverksemd


    Ein skal vurdere aktiviteten ut frå dei rammene som er gitt for dei ulike næringsgruppene slik det kjem fram i SN 2007.

    Det er den faktiske aktiviteten som er avgjerande, ikkje registreringa i Einingsregistret.

     

    Kven er unnatekne frå finansskatt

    • Selskap utan tilsette
    • Arbeidsgivarar der lønn og andre ytingar knytte til finansiell aktivitet innanfor næringshovudområde K, utgjer mindre enn 30 prosent av dei totale lønnskostnadene til arbeidsgivaren
    • Arbeidsgivarar med finansielle aktivitetar innanfor næringshovudområde K, der lønnsdelen og andre ytingar knytt til meirverdiavgiftspliktig, finansiell aktivitet utgjer meir enn 70 prosent av arbeidsgivaren sine samla lønnskostnader knytte til finansielle aktivitetar

     

    Korleis rekne ut finansskatt på lønn

    Grunnlaget for å rekne ut finansskatt på lønn er det same som verksemda sitt grunnlag for å rekne ut arbeidsgivaravgift. Det skal ikkje reknast finansskatt av lønn mv. som omfattast av Svalbardskattelova.

    Du skal føre opp summen av finansskatt på lønn som ei eiga opplysning i a-meldinga. Ein skal ikkje oppgi utrekningsgrunnlaget.

    Ved refusjon av sjukepengar med meir skal du redusere grunnlaget for finansskatt og grunnlaget for ordinær arbeidsgivaravgift tilsvarande refusjonen. Sjå meir under arbeidsgivaravgift - avgiftsgrunnlag punkt 3 og fritak for arbeidsgivaravgift når arbeidsgivar forskotterer sjukepengar og andre trygdeytingar.

    Grunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift skal ikkje med i grunnlaget for finansskatt.

     

    Summen for finansskatt på lønn skal vere lik:

    Arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget gonga med skattesatsen for finansskatt på 5 prosent.

     

    Døme

    Dei samla arbeidsgivaravgiftspliktige lønnskostnadene til verksemda er 30 millionar kroner. Av dette er 20 millionar kroner knytte til ikkje-meirverdiavgiftspliktig, finansiell aktivitet.

    Summen for finansskatt på lønn er 30 millionar kroner x 5 prosent, som er lik 1,5 millionar kroner.

     

    Verksemder som driv ikkje-økonomisk aktivitet i EØS-rettsleg forstand

    Arbeidsgivarar som driv både økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet kan velje å berekne finansskatt på lønn berre for den delen av lønn og andre ytingar som knyter seg til den økonomiske aktiviteten til verksemda.

    Dette krev at arbeidsgivaren har eit klart rekneskapsmessig skilje mellom lønn og andre ytingar knytt til høvesvis ikkje-økonomisk aktivitet og økonomisk aktivitet, slik at det er mogeleg å kontrollere kor stor del av lønnskostnadene som knyter seg til dei to aktivitetane. Det må då etablerast ei kostnadseining for lønnskostnadene for den ikkje-økonomiske aktiviteten til verksemda. Arbeidsgivaren må utarbeide spesifikasjonar av lønnskostnaden for den ikkje-økonomiske verksemda.

    Lønnskostnader knytte til sentrale administrative fellestenester skal fordelast mellom den ikkje-økonomiske og den økonomiske aktiviteten.

     

    Døme

    Dei samla arbeidsgivaravgiftspliktige lønnskostnadene til verksemda er 30 millionar kroner. 20 millionar kroner av lønnskostnadene er knytte til ikkje-meirverdiavgiftspliktig, finansiell aktivitet, medan 10 millionar kroner er knytte til ikkje-økonomisk aktivitet i EØS-rettsleg forstand.

    Det er oppretta eit rekneskapsmessig skilje mellom den økonomiske aktiviteten og den ikkje-økonomiske aktiviteten.

    Summen for finansskatt på lønn er 20 millionar x 5 prosent, som er lik 1 millionar kroner.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Beløp x kroner

     

    Beløp

    Oppgi sum for finansskatt på lønn for heile verksemda.

    Dersom du rapporterer for fleire verksemder i den same a-meldinga, skal du føre opp totalsummen for alle verksemdene.

     

    Når skal du rapportere

    Du skal oppgi finansskatt på lønn i a-meldinga den kalendermånaden du betaler ut lønn og andre ytingar.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-268
    Ugyldig verdi 

    Dersom du har ført opp feil finansskatt på lønn, må du rette det i a-melding for den månaden som er feil.

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    Skatteetaten brukar opplysningane for å fastsetje finansskatt på lønn.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 8-6

    • Folketrygdloven § 23-2a

    • Stortingsvedtak om fastsetting av finansskatt på lønn for 2022

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring