Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding

Tilbakemelding (A03) på sendt a-melding

  • Oppdatert: 06.12.2021

Kvar gong du sender ei a-melding, blir ho automatisk kontrollert, og du får ei tilbakemelding.

    Kva er ei tilbakemelding 

    Tilbakemeldinga (A03) inneheld eventuelle feil eller manglar (MAGNET/EDAG) du må rette, eller forhold du bør kontrollere om er rette. Ho inneheld òg informasjon om kva du skal betale av forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, utleggstrekk og finansskatt på lønn, samt kontonummer og KID-nummer.

    Sender du fleire a-meldingar for same månad, inneheld tilbakemeldinga ei oppsummering av a-meldingane for månaden.

    Dersom tilbakemeldinga inneheld feilmeldingar, får du informasjon om

    • kvar i a-meldinga feilen er
    • kva som er feil
    • forklaring av feilen

    Merk!
    Den automatiske kontrollen sjekkar informasjonen opp mot reglane våre (forretningsreglar). I kontrollen oppdagar vi berre feil eller manglar som bryt med desse reglane.

    Viss du for ein inntektsmottakar til dømes har oppgitt negativt beløp på timelønn, 0 i antal kilometer på trekkfri bilgodtgjersle eller ein stillingsprosent som ikkje samsvarer med arbeidstakaren sin arbeidsavtale, vil ikkje den automatiske kontrollen oppdage dette i a-meldinga. 

    Sjå oversikta over feilmeldingar (MAGNET/EDAG)

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Tilbakemelding for to månader

    Har du sendt ei a-melding for ein månad tilbake i tid, får du tilbakemelding for to månader.

     

    Døme

    Du leverte a-meldinga for april etter a-meldinga for mai. Du får då tilbakemelding med resultatet av den automatiske kontrollen og betalingsinformasjon både for april og mai.

    Diagram. Du sender a-melding for april og mai, og mottar tilbakemelding. I mai, oppdager du feil for april. Du retter for april. Du mottar ny tilbakemelding for april og mai. Teksten i artikkelen forklarer dette nærmere.
    Modell: tilbakemelding ved korreksjon tilbake i tid

     

    Kvar finn du tilbakemeldinga

    • Har du levert a-meldinga direkte i Altinn (A01) finn du tilbakemeldinga i "Innboks" i Altinn.

    • Har du levert a-meldinga frå skatteetaten.no finn du tilbakemeldinga i oversikta over leverte a-meldingar. Du finn og tilbakemeldinga i "Innboks" i Altinn.

    • For deg som har sendt inn a-melding frå eit system (A02). Dei fleste som sender frå system, får tilbakemeldinga presentert i systemet. I tillegg finn du tilbakemeldinga i "Innboks" i Altinn i XML-format eller som ZIP-fil. Har du spørsmål om tilbakemeldinga i ditt system, må du kontakte systemleverandøren din.

    • Unngå å sende ei ny a-melding før du har fått tilbakemelding på den førre a-meldinga du sende.

    • Viss du ikkje får tilbakemelding med det same, kan det vere forseinkingar ved utsending. Sjå etter att etter ei stund om du har fått tilbakemeldinga. Dersom det går fleire timar utan at du har fått tilbakemelding, bør du kontakte systemleverandøren dersom du nyttar lønnssystem, eller kontakt a-ordninga.

     

    Alvorsgrad på feilmeldingar (MAGNET/EDAG)

    Feil eller manglar i a-meldinga har tre alvorsgrader:

    1. Avvising = a-meldinga er ikkje levert.
      A-meldinga er ikkje levert eller teken imot hjå oss. Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.

    2. Omgåande = a-meldinga er levert med feil.
      A-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp. Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.  

    3. Retningslinje = a-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
      A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil. Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.

    Sjå oversikta over feilmeldingar (MAGNET/EDAG)

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring