Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga

Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar)

  • Oppdatert: 06.12.2021

Korleis du identifiserer tilsette og andre du betaler lønn og ytingar til.

    Kort om identifisering av inntektsmottakar

    I a-meldinga skal du identifisere tilsette og andre du betaler lønn og ytingar til, for å kunne knyte opplysningar om inntekt, frådrag, trekk og arbeidsforhold til rett person. I a-meldinga omtalar vi ein person som tek imot lønn, pensjon eller andre ytingar frå verksemda for inntektsmottakar.

    Bruk fødselsnummer eller D-nummer for å oppgi kva for ein inntektsmottakar du gir opplysningar om.

    Du finn meir informasjon om D-nummer på sidane om skattekort.

     

    Har ikkje norsk fødselsnummer eller D-nummer 

    Dersom inntektsmottakaren ikkje har norsk fødselsnummer og ikkje har fått tildelt D-nummer enda, kan du, medan du ventar på D-nummer, bruke:

    • internasjonal ID
    • namn
    • fødselsdato
    • tilsettnummer (frivillig)

    Den internasjonale ID-en må vere utferda av det landet personen kjem frå og innehalde

    • ID-nummer
    • type ID, sjå lista nedanfor
    • landkode

    Du kan bruke ein av fire typar ID:

    • Passnummer (eller eit anna godkjent internasjonal ID-nummer)
    • Social security number
    • Tax identification number
    • Value added tax identification number 

     

    Døme på identifisering med internasjonal ID

    Piotr jobbar i kommunen og har teke imot lønn. Han har polsk passnummer og har ikkje fått norsk D-nummer enda.

    Inntektsmottakar Piotr
    ID-nummer PL12345678
    Type ID Passnummer
    Fødselsdato 1. januar 1972

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Merk!
    Dersom du sender fleire a-meldingar før ein inntektsmottakar får tildelt D-nummer, må du bruke den same internasjonale ID-en, namn, fødselsdato og eventuelt nummer på tilsett i alle a-meldingane.

    Brukar du ulik internasjonal ID, namn, fødselsdato eller tilsettnummer, tolkar vi det som ulike personar. Då greier vi ikkje å kople opplysningane til eit framtidig D-nummer.

     

    Ikkje alle får D-nummer eller fødselsnummer

    Alle har ikkje rett til å få tildelt D-nummer, eller plikt til å skaffe seg D-nummer. Då må du føre opp internasjonal ID, namn, fødselsdato og ev. tilsettnummer. Gjeld til dømes utanlandske gjesteførelesarar på universitet.

     

    Endre frå internasjonal ID til D-nummer

    Når inntektsmottakaren får tildelt eit D-nummer, må du knyte D-nummeret saman med internasjonal ID, namn, fødselsdato og ev. tilsettnummer som du har brukt i tidlegare a-meldingar.

    Det gjer du ved å oppgi D-nummer og internasjonal ID, namn, fødselsdato og ev. tilsettnummer i den same a-meldinga.

     

    Døme på endring frå internasjonal ID til D-nummer

    Ei servicebedrift har sendt inn opplysningar om Ewa i a-meldinga for januar og februar. Dei har oppgitt polsk passnummer, namn, fødselsdato og tilsettnummer.

    I mars får Ewa tildelt D-nummer. Servicebedrifta byrjar å bruke D-nummeret i a-meldinga for mars.

    A-melding for mars  
    Inntektsmottakar Ewa
    Norsk ID D-nummer
    Internasjonalt ID-nummer PL12345678
    Type ID Passnummer
    Fødselsdato 1. januar 1972
    Tilsettnummer 10

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Merk!
    Du kan knyte D-nummeret saman med internasjonal ID, namn, fødselsdato og ev. tilsettnummer i a-meldinga for kva for ein månad som helst.

    Etter at koplinga er gjort i ei a-melding er det nok å oppgi D-nummer i framtidige a-meldingar.

     

    Endre frå D-nummer til fødselsnummer

    Når ein inntektsmottakar som har D-nummer får tildelt fødselsnummer, skal du byrje å bruke fødselsnummeret i a-meldinga.

    Systema våre knyter saman D-nummeret og fødselsnummeret, og koplar saman opplysningane som har kome i a-meldingane med D-nummer og a-meldingane med fødselsnummer.

     

    Døme på endring frå D-nummer til fødselsnummer

    Eit oljeselskap har sendt opplysningar om William i a-meldingar for mars til og med oktober. Dei har brukt D-nummeret til William i a-meldingane.

    I november får William tildelt fødselsnummer. Oljeselskapet byrjar å bruke fødselsnummeret i a-meldinga for november.

    A-melding for mars til og med oktober  
    Inntektsmottakar William
    Norsk ID D-nummer

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    A-melding for november  
    Inntektsmottakar William
    Norsk ID fødselsnummer

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Ved skifte av kjønn

    Dersom inntektsmottakaren skiftar kjønn og får nytt fødselsnummer, blir det nye og gamle fødselsnummeret kopla automatisk. Du skal bruke det nye fødselsnummeret når du skal sende neste a-melding.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-175C
    Informasjon for ein person som er rapportert inn med ulike fødselsnummer/D-nummer i same kalendermånad får samla alt på eitt nummer
    MAGNET_EDAG-175D
    Oppgitt informasjon må stemme overeins med folkeregisteret. Gjentekne rapporteringar på same person i ei virksemd må skje på ein slik måte at ein kan identifisere personen på tvers av meldingane
    MAGNET_EDAG-179
    Inntekstmottakar manglar norsk fødselsnummer/D-nummer
    MAGNET_EDAG-180C
    Inntekstmottakar manglar identifikasjonsnummer
    MAGNET_EDAG-180D
    Fødselsnummer/D-nummer finst ikkje i folkeregisteret
    MAGNET_EDAG-239
    Namn på inntektsmottakar manglar
    MAGNET_EDAG-254
    Inntekstmottakaren sin fødselsdato er ikkje i samsvar med fødselsnummer/D-nummer
    MAGNET_EDAG-262
    Ugyldig identifikator for inntektsmottakar

    Dersom du har ført opp feil når du identifiserer inntektsmottakaren, og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), må du annullere det som er sendt feil og sende inn dei rette opplysningane.

    Feil i fødselsnummer eller D-nummer

    Har du ført opp eit gyldig nummer, men på feil person kan du rette på to måtar:

    1. Send ei erstatningsmelding med rett fødselsnummer eller D-nummer, eller

    2. «Null ut» alle inntekter, frådrag og trekk og slett arbeidsforholdet for personen du ikkje skulle gitt opplysningar på. Då må du i tillegg sende alle opplysningar på fødselsnummer eller D-nummer til rett person.

    Feil i internasjonal ID

    Har du oppgitt feil internasjonal ID kan du rette på to måtar:

    1. Send ei erstatningsmelding med rett internasjonal ID, eller

    2. «Null ut» alle inntekter, frådrag og trekk og slett arbeidsforholdet for identifikatoren du ikkje skulle rapportert opplysningar på. I tillegg må du sende alle opplysningar knytt til rett internasjonal identifikator.

     

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Kva brukar vi opplysningane til 

    Skatteetaten brukar opplysningar om fødselsnummer og D-nummer for å kople opplysningar om inntekter, trekk og frådrag til rett person. Opplysningar frå a-meldinga blir nytta i skattemeldinga.

    NAV brukar opplysningar om fødselsnummer og D-nummer for å kople opplysningar om inntekter og arbeidsforhold til rett person når dei skal rekne ut ytingar.

     

    Aktuelt regelverk

    • Enhetsregisterloven

    • Forskrift om registrering i Enhetsregisteret

    • Forskrift om AA-registeret

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring