Andre trekkfrie naturalytingar
Gjeld fordel ved fri bruk/utlån av kapitalgjenstandar.
Kort om andre trekkfrie naturalytingar
Før opp arbeidstakaren sin fordel ved fri bruk/utlån av kapitalgjenstandar utan at eigedomsretten blir overdregen.
Dette gjeld til dømes:
- fri privat bruk av arbeidsgivar sin motorsykkel, båt, campingvogn og hytte
- bruk av firmahytte som ikkje oppfyller vilkåra for skattefrie velferdstiltak
Fordelen er skattepliktig og blir sett til kva det ville koste å leige ein tilsvarande gjenstand på den opne marknaden.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, anna |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp skattepliktig fordel.
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «anna».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har gitt ytinga.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om andre trekkfrie naturalytingar til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk