Arbeidsgivaren sitt tilskot til utanlandsk pensjonsordning
Gjeld tilskot betalt av arbeidsgivar til utanlandsk pensjonsordning
Kort om arbeidsgivaren sitt tilskot til utanlandsk pensjonsordning
Før opp tilskot betalt av arbeidsgivar til utanlandsk pensjonsordning etter skattelova § 6-72.
Slike tilskot blir ikkje rekna som skattepliktig inntekt for arbeidstakaren.
Arbeidsgivar skal rapportere og betale arbeidsgivaravgift av tilskotet.
Ulikt tilskotet arbeidsgivar betaler til norske pensjonsordningar, skal tilskotet til utanlandske pensjonsordningar spesifiserast og rapporterast på kvar einskild arbeidstakar. Arbeidsgivar må også gi opplysningar om i kva for land pensjonsordninga høyrer til.
Sjå òg Skatte-ABC om utanlandsk pensjonsordning
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, innbetaling til utanlandsk pensjonsordning |
Trekkplikt | ja/nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: |
|
Oppteningsland | landkode |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «innbetaling til utanlandsk pensjonsordning».
Trekkpliktig
Du skal oppgi at ytinga er trekkpliktig dersom tilskota til den utanlandske pensjonsordninga overstig grensene i tenestepensjonslova § 4-7 første og andre ledd, sjå skattelova § 6-72 første ledd.
Du skal oppgi at ytinga er trekkfri dersom tilskota til den utanlandske pensjonsordninga ikkje overstig grensene som er nemnde ovanfor.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Oppgi oppteningsland med landkode.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp tilskotet i den månaden arbeidsgivaren betaler det til pensjonsordninga.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar til kontrollformål.
Skatteetaten brukar opplysningar om arbeidsgivaren sitt tilskot til utanlandsk pensjonsordning til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk