Honorar eller anna godtgjersle som er utbetalt til opphavsmann til åndsverk - UTGÅTT
Nemninga gjeld ikkje lenger
Berre gyldig for perioden januar 2015 til og med desember 2017
Kort om honorar eller anna godtgjersle
Denne ytinga gjeld ikkje lenger. Godtgjerlse til opphavsmann (opphaver) av åndsverk skal du frå 2018 rapportere i ei eiga ordning.
Berre gyldig for perioden:
- frå og med januar 2015
- til og med desember 2017
Før opp honorar eller anna godtgjersle som er utbetalt til opphavsmann (opphaver) til åndsverk. Gjeld berre vederlag for sjølve opphavsretten (til dømes royalty).
Ein opphavsrett er ein eksklusiv rett til å nytte seg av eit åndsverk.
Før opp vederlag for:
- forfattarrettar
- andre kunstnarrettar
- patentrettar
- bruk av bilete, avisartiklar og teikningar til ein næringsdrivande opphavsmann
Dette skal du ikkje føre opp som «honorar eller anna godtgjersle som er utbetalt til opphavsmann til åndsverk»:
- annan type yting enn vederlag for sjølve opphavsretten
- vederlag til til dømes forfattarar for tilstellingar
- vederlag for tenester av teknisk, handverksmessig, juridisk, rekneskapsmessig eller annan art
Dette gjeld til dømes vederlag ein betaler til lydteknikarar eller musikarar for ein spelejobb. Dette skal du rapportere på skjema: Betaling til sjølvstendig næringsdrivande utan fast forretningsstad (RF-1321). Skjemaet skal sendast årleg for alle utbetalingar det siste året.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, annea ELLER naturalyting, anna |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting (næringsinntektsnemning)
Før opp «kontantyting» og «anna» eller «naturalyting» og «anna».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.