Lønn og andre ytingar frå utanlandsk diplomatisk eller konsulær stasjon som ikkje er skattepliktig i Noreg
Gjeld lønn og andre ytingar frå utanlandsk diplomatisk eller konsulær stasjon som ikkje er skattepliktig i Noreg.
Kort om lønn og andre ytingar frå utanlandsk diplomatisk eller konsulær stasjon som ikkje er skattepliktig i Noreg
Før opp lønn o.a. frå utanlands diplomatisk eller konsulær stasjon til tilsette som ikkje er norske borgarar, eller som ikkje er fast busette i Noreg.
Det gjeld eit særskilt skattefritak for personar som tilhøyrer det administrative eller tekniske personalet ved diplomatiske stasjonar / konsulære stasjonar for framande statar. Det er ein føresetnad at personen ikkje er norsk borgar eller fast busett i Noreg. Tilsvarande gjeld for medlemmer av familien til desse personane.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, lønn o.a. som ikkje er skattepliktig i Noreg frå utanlandsk diplomatisk eller konsulær stasjon |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: |
|
Skattemessig busett | landkode |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «lønn o.a. som ikkje er skattepliktig i Noreg frå utanlandsk diplomatisk eller konsulær stasjon».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Det er gitt fritak frå trekkplikt for konsulære tenestemenn som er utsende frå framande statar.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Det skal ikkje betalast arbeidsgivaravgift av lønn eller anna godtgjersle til personar som etter Wien-konvensjonen om diplomatisk samkvem artikkel 33 og artikkel 37 er unnatekne frå trygda i Noreg. Dersom den tilsette ikkje kjem inn under art. 33 og 37 i Wien-konvensjonen, gjeld dei ordinære reglane for arbeidsgivaravgift.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Oppgi landkoden for kvar inntektsmottakaren er skattemessig busett.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV har trong for informasjon om ytingar til personar som er medlemmer av norsk trygd.
Ein skal ikkje ta ytinga med i skattemeldinga, men ho inngår i grunnlaget for arbeidsgivaravgifta.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk