Matpengar i samband med overtid (overtidsmat) - UTGÅTT
Nemninga gjeld ikkje lenger
Berre gyldig for perioden januar 2015 til og med desember 2018
Frå 2019, sjå Andre lønnsytingar eller Trekkpliktige naturalytingar – uspesifiserte.
Kort om matpengar i samband med overtid
Denne ytinga gjeld ikkje lenger.
Berre gyldig for perioden:
- frå og med januar 2015
- til og med desember 2018
Før opp kostnader til mat (overtidsmat) for:
- arbeidstakarar som reiser dagleg mellom heim og arbeidsstad, og
- som har så langt fråvær at dei må ete eitt måltid ekstra om dagen utanfor heimen
Ytinga er trekkfri for beløp inntil Skattedirektoratet sin forskotssats, dersom inntektsmottakaren har vore borte frå heimen i 12 timar eller meir.
Unnatak:
- Dersom matpengane overstig Skattedirektoratet sin forskotssats per dag, skal du føre opp det overskytande beløpet som «kontantyting – lønn – anna».
- Dersom kravet til fråvær frå heimen ikkje er oppfylt, skal du føre opp det overskytande beløpet som «kontantyting – lønn – anna».
Sjå satsar for trekkfrie matpengar
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, overtidsmat |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på dagar |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «overtidsmat».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke desse skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Tilleggsinformasjon
Før opp talet på dagar.
Når skal du rapportere
Oppgi ytinga den kalendermånaden du har betalt ut beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om matpengar i samband med overtid til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.