Skattefri erstatning for tort og svie knytt til opphøyr av arbeidsforhold
Gjeld skattefri erstatning for tort og svie knytt til opphøyr av arbeidsforhold.
Kort om skattefri erstatning for tort og svie knytt til opphøyr av arbeidsforhold
Før opp beløpet som er utbetalt som skattefri erstatning for tort og svie.
Gjeld:
- meinerstatning etter skadeserstatningslova § 3-2
- erstatning (oppreising) for ikkje-økonomisk skade etter skadeserstatningslova §§ 3-5 eller 3-6 (vilkår: erstatninga er gitt i rettskraftig dom, eller arbeidsgivaren har opptredd på ein slik måte at vilkåra er til stades for å gi erstatning for ikkje-økonomisk skade etter skadeserstatningslova)
- erstatning for ikkje-økonomisk skade ved usakleg oppseiing eller urettkomen avskil, avgrensa til 1,5 gongar grunnbeløpet i folketrygda, jf. arbeidsmiljølova § 15-12 og § 15-14
Erstatningsutbetalingar utanfor arbeidsforhold, som til dømes rettferdsvederlag til valdsoffer, eller erstatningsutbetalingar frå forsikringsselskap skal du ikkje føre opp i a-meldinga. Les meir om rapportering av utbetalinger på skadeforsikringer her.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, skattefri erstatning |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «skattefri erstatning».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane til kontroll.
Skatteetaten brukar opplysningar om skattefri erstatning for tort og svie til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk