Skattefritt sluttvederlag og tilleggssluttvederlag
Gjeld skattefritt sluttvederlag og tilleggssluttvederlag etter overgangsregel.
Kort om skattefritt sluttvederlag og tilleggssluttvederlag
Før opp skattefritt sluttvederlag og tilleggssluttvederlag etter tariffavtale som kjem inn under ein overgangsregel.
Skattefritaket er oppheva frå og med 2016
Arbeidsgivaren kan ikkje betale ut skattefritt sluttvederlag eller tilleggssluttvederlag etter 2016. Skattefritaket for sluttvederlag og tilleggssluttvederlag er oppheva frå og med inntektsåret 2016.
Overgangsregel
For arbeidstakarar som før 1. januar 2016 oppfyller vilkåra for å ta imot sluttvederlag etter overeinskomst mellom hovudorganisasjonar for arbeidstakarar og arbeidsgivarar, og for arbeidstakarar som har inngått ein avtale med arbeidsgivaren sin om utbetaling av tilleggssluttvederlag er det gitt ein overgangsregel.
Desse arbeidstakarane har rett til å få sluttvederlaget/tilleggssluttvederlaget utbetalt skattefritt / delvis skattefritt, uavhengig av om utbetalinga skjer etter 1. januar 2016.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, sluttvederlag |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «sluttvederlag».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane til kontroll.
Skatteetaten brukar opplysningar om skattefritt sluttvederlag og tilleggssluttvederlag til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.