Skattefritt tilskot til barnehage som ikkje er bedriftsbarnehage - UTGÅTT
Nemninga gjeld ikkje lenger
Berre gyldig for perioden januar 2015 til og med desember 2018
Kort om skattefritt tilskot til barnehage som ikkje er bedriftsbarnehage
Denne nemninga gjeld ikkje lenger.
Berre gyldig for perioden:
- frå og med januar 2015
- til og med desember 2018
Arbeidsgivarens tilskot er frå 2019 skattepliktig som lønn og skal førast opp som trekkpliktig naturalyting – uspesifisert.
Før opp arbeidsgivaren sitt skattefrie tilskot til ein annan barnehage enn bedriftsbarnehage, avgrensa oppover til 3 000 kroner per månad per plass når eigenbetalinga til arbeidstakaren svarar til makspris.
Unnatak:
Dersom eigenbetalinga til arbeidstakaren er lågare enn maksimalprisen, skal tilskotet frå arbeidsgivaren reknast som skattepliktig for den delen som svarar til differansen mellom maksimalprisen og eigenbetalinga.
Skatteplikta føreset at reduksjonen i eigenbetalinga kjem av arbeidsgivaren sitt tilskot til barnehagen. Ein eventuell skattepliktig del av tilskotet skal rapporterast på ordinær måte som trekkpliktig naturalyting – uspesifisert.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, tilskudd barnehageplass |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp tilskotet frå arbeidsgivar.
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga for kvar kalendermånad arbeidstakaren disponerer barnehageplassen.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar ikkje opplysningane.
Skatteetaten brukar opplysningar om tilskot til barnehageplass for å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk