Underhaldsbidrag til barn – skattefritt – UTGÅTT
Nemninga gjeld ikkje lenger
Berre gyldig for perioden januar 2015 til og med desember 2016
Kort om underhaldsbidrag til barn
Denne nemninga gjeld ikkje lenger.
Berre gyldig for perioden:
- frå og med januar 2015
- til og med desember 2016
Nemninga skal berre nyttast for ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV).
Skattefritt underhaldsbidrag skal frå 1. januar 2017 førast opp i ordninga Skattefrie utbetalingar frå offentleg myndigheit.
Dersom du gir opplysningar innanfor den gyldige perioden, fører du opp utbetaling av underhaldsbidrag til barn som blir utbetalt til bidragsmottakaren. Det er nødvendig å identifisere skattefritt barnebidrag til barn etter Barnelova og Forskotteringslova.
Underhaldsbidrag er ikkje skattepliktig dersom det blir ytt
- som barnebidrag eller særtilskot etter lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova), oppfostringsbidrag etter lov 17. juli 1992 om barnevernstenester (barnevernlova) eller som bidragsforskot etter forskotteringslova, jf. skattelova § 5-43 (1) bokstav h. Det same gjeld barnebidrag etter tilsvarande reglar i lovgivinga i andre land
- til ektefelle i tilfelle der det ikkje har skjedd eit samlivsbrot
- til separert/fråskild ektefelle etter den dagen dei eventuelt har flytta saman att
- til sambuar og til vedkomande barn, anten det er felles barn eller særkullsbarn. Dette gjeld både for meldepliktige og ikkje-meldepliktige sambuarar. Tidlegare ektefellar som er skilde og har flytta saman utan å gifte seg, er sambuarar. (Separerte ektefellar som flyttar saman att, er gifte.)
- til foreldre
- som eingongsbeløp i staden for, i tillegg til eller til avløysing av regelbunde bidrag.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller ytin | kontantyting, underhaldsbidrag til barn |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: |
- |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «underhaldsbidrag til barn».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningane i kontrollar.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.