Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Særskilde grupper

Svalbard

  • Oppdatert: 23.01.2025

Gjeld lønn og andre ytingar som skal skattleggjast etter Svalbardskattelova.

    Kort om skatte- og avgiftsregelen

    Svalbard er eit eige skattleggingsområde. Alle som tek imot lønn eller andre ytingar for arbeid eller pensjon på Svalbard, skal betale skatt til Svalbard etter lønnstrekkordninga.

    Lønnstrekkordninga omfattar i hovudsak

    • lønn og anna godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor tenesteforhold, mellom anna honorar, provisjonar o.a.
    • styrehonorar o.l.
    • naturalytingar og overskot på utgiftsgodtgjersler
    • vederlag ved opphøyr av arbeidstilhøve
    • pensjon, uføretrygd, føderåd eller livrente som ledd i pensjonsordning i arbeidstilhøve når mottakaren er skattemessig busett på Svalbard (opphald over 12 månader)


    Du skal bruke skatte- og avgiftsregelen for Svalbard for inntektsmottakarar som

    • er busette på Svalbard og tek imot lønn og andre ytingar for arbeid eller pensjon
    • ikkje er busette, men har eit samanhengande opphald over 30 dagar og tek imot lønn eller andre ytingar for arbeid


    Det skal foretas trekk i alle utbetalingar av lønn - også i feriegodtgjersle, lønn i ferien og lønn i desember. I tillegg til lønn og andre ytingar, må du markere forskotstrekket og frådrag med Svalbard. Du må gi opplysningar om opphaldet inntektsmottakaren har. Arbeidsgivaravgifta må du markere med eigen utrekningskode for Svalbard.

     

    Ytingar frå det offentlege

    I sjukepengar, fødselspengar, adopsjonspengar og dagpengar under arbeidsløyse som blir utbetalt til ein inntektsmottakar busett på Svalbard, skal det trekkjast skatt og trygdeavgift etter reglane for lønnstrekk. Det gjeld òg når mottakaren av ytingane oppheld seg på fastlandet. Det er ein føresetnad at opphaldet på Svalbard varer samanhengande i minst 30 dagar, og at vedkomande var i aktivt arbeid på Svalbard då retten til utbetaling oppstod.

     

    Lønn for arbeid på fastlandet eller i utlandet

    Personar som er skattemessig busette på Svalbard, er ikkje skattepliktige til Svalbard for lønn for arbeid på fastlandet eller i utlandet. Dette gjeld til dømes arbeid i ferie, under permisjon eller militærteneste, dersom lønna blir skattlagd på det norske fastlandet eller i ein annan stat.

    Les meir om skattereglane for Svalbard i Skatte-ABC

    Les meir om lønnstrekkordninga på Svalbard

     

    Samanhengande opphald over 30 dagar

    Dersom ein person, som ikkje er busett på Svalbard, oppheld seg på Svalbard i meir enn 30 dagar, utan å forlate øya, reknar vi det som eit samanhengande opphald. Dette gjeld òg opphald som går over eit årsskifte.

    Slik reknar du ut opphaldet:

    • tel opp talet på samanhengande dagar
    • ikkje inkluder reisedagar til og frå
    • reiser bort frå Svalbard bryt av det samanhengande opphaldet, og teljinga startar på nytt

    Dersom ein person arbeider på Svalbard i 14 dagar, tek ei helg på fastlandet, og deretter arbeider 20 dagar på Svalbard, er dette to opphald på under 30 dagar. Du skal då ikkje bruke skatte- og avgiftsregelen for desse periodane. 

     

    Viktig informasjon

    For personar som er skattemessig busette på Svalbard skal du alltid bruke skatte- og avgiftsregelen for Svalbard.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Du skal føre opp informasjonen om opphaldet til inntektsmottakaren på Svalbard minst ein gong per opphald. Du kan gjenta opplysningane om opphaldet kvar gong du sender a-melding så lenge inntektsmottakaren opphalder seg på Svalbard. I tillegg til andre obligatoriske opplysningar skal du føre opp:

    OpphaldsID unik ID
    Startdato frå dato
    Sluttdato til dato
    Opphaldsskildring Svalbard

     
    Startdatoen og sluttdatoen er for det samanhengande opphaldet.

     

    Ytingar som skatte- og avgiftsregelen gjeld for

    Du kan bruke skatte- og avgiftsregelen på dei fleste typar lønn og andre ytingar.

    Når inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere ytinga med skatte- og avgiftsregelen «Svalbard».

    Sjå oversikta over ytingar som skatte- og avgiftsregelen gjeld for

     

    Kva med forskotstrekket

    Dersom du har brukt skatte- og avgiftsregelen på lønn og andre ytingar, skal du òg markere forskotstrekket med «Svalbard». Dette gjeld lønnstrekket som er gjort av lønn, andre ytingar og pensjon som er opptent på Svalbard.

    Her finn du satsane som gjeld for lønnstrekk og trygdeavgift til Svalbard. Den årlege meldinga om skatt og skattetrekk på Svalbard, Jan Mayen og bilandande gir nærmare informasjon om korleis du skal gjennomføre trekket.

     

    Kva med frådraget

    Dersom du har brukt skatte- og avgiftsregelen på lønn og andre ytingar og arbeidstakaren kjem inn under lønnstrekkordninga på Svalbard, hugs og gi opp desse frådraga med riktig nemning for Svalbard:

    • Fagforeiningskontingent Svalbard
    • Premie til pensjonsordningar Svalbard
    • Premie til fond og trygd – Svalbard
    • Brakkeleige – Svalbard

     

    Kva med naturalytingar

    Satser for fri bolig eller bil for inntektsåret 2025 er å finne i Forskrift om takseringsregler til bruk ved beskatning ved trekk i lønn mv (lønnstrekkordningen) av personer som skattlegges på Svalbard i inntektsåret 2025.

     

    Kva med arbeidsgivaravgifta

    Sjå ein eigen omtale av arbeidsgivaravgift for lønnstrekk på Svalbard under punktet om andre næringar.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-513
    Ugyldig kombinasjon av inntekt og forskotstrekk på Svalbard

    Sjå tasta feil beløp

    Sjå gitt feil nemning

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.

    Skatteetaten nyttar opplysningane til å sikre at inntektsmottakarar på Svalbard blir skattlagde etter lønnstrekkordninga på Svalbard.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 7-2

    • Skatteforvaltningsloven § 8-8

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-1

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-9

    • Folketrygdloven § 23-2

    • Folketrygdloven § 25-10

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Statistikkloven § 10

    • Svalbardskatteloven

    • Svalbardskatteforskriften

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring