Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
    • Tilsett i arbeidsmarknadstiltak
  1. Rettleiinga til a-meldinga

Utleggstrekk i a-meldinga

  • Oppdatert: 15.02.2021

Gjeld utleggstrekk for den enkelte inntektsmottakaren og utleggstrekk å betale totalt for arbeidsgivaren.

    Kort om utleggstrekk

    Når offentlege og private kreditorar ikkje får betalt til rett tid, kan namsmaktene påleggje arbeidsgivaren til skuldnaren å gjennomføre trekk i den tilsette si lønnsutbetaling og

    Du skal trekkje beløpet i samsvar med trekkpålegget du får når du utbetaler eller på annan måte gir oppgjer for lønn eller anna godtgjering eller yting.

    Frå 2026 gjeld også ein ny type utleggstrekk: Samordna utleggstrekk. Nokre tilsette kan få den nye typen samordna utleggstrekk, samtidig med at andre tilsette får den gamle typen utleggstrekk. Overgangen skjer gradvis, og arbeidsgivarar vil ha tilsette med begge typar utleggstrekk i fleire år. Dette gjer at du må rapportere ulikt i a-meldinga.

    I a-meldinga skal du gi opplysningar om:

    • type utleggstrekk
      • utleggstrekkSamordna
      • utleggstrekkSkatt
    • kor mykje du har trekt i utleggstrekk på den enkelte inntektsmottakaren.
      • du skal oppgi beløpet med minusteikn
    • kva dato du gjennomførte trekket
      • Du skal gjennomføre trekket på lønnsutbetalingsdatoen.
      • Fristen for å betale utleggstrekk er den første arbeidsdagen etter lønnsutbetaling.

     

    Kva kode skal du bruke når du rapporterer utleggstrekk i a-meldinga?

    Du må alltid følgje informasjonen i trekkpålegget. Du skal ikkje rapportere alle typar utleggstrekk i a-‑meldinga.

     

    Oversikt over rapportering, kodar, totalsum og betaling

    Type utleggstrekk

    Skal rapporterast i a-meldinga

    Kode i a-meldinga

    Inngår i «Sum utleggstrekk å betale»

    Betaling

    Pålegg om utleggstrekk, ny ordning (innkrevjingslova 2026)

    Ja

    utleggstrekkSamordna

    Ja

    Første arbeidsdag etter lønnsutbetaling

    Unikt KID-nummer per inntektsmottakar (ikkje samlesum). KID-nummer finst i trekkpålegget

    Pålegg om trekk til dekning av skatt og avgift, pålagt etter gammalt regelverk.

    Ja

    utleggstrekkSkatt

    Ja

    Første arbeidsdag etter lønnsutbetaling

    Éi samla betaling (eitt KID-nummer).

    Utleggstrekk for andre kravtypar pålagt etter gammalt regelverk.

    Nei

    –

    Nei

    Sjå trekkpålegget.

     

    Sum utleggstrekk å betale

    Feltet «Sum utleggstrekk å betale» skal vere:

    • summen av alle utleggstrekkSamordnet  +
    • summen av alle utleggstrekkSkatt  som er rapportert i samme a-melding. 

    Du skal ikkje ta med utleggstrekk som ikkje skal rapporterast i a-‑meldinga.

    Viktig!

    • UtleggstrekkSkatt skal betalast som ein samlesum på eitt KID-nummer for alle inntektsmottakarane som er trekte på den aktuelle lønnsutbetalinga.
    • UtleggstrekkSamordna skal betalast enkeltvis på KID-nummer per inntektsmottakar. (Ikkje samlesum.)

     

    Unntak – trekk som ikkje skal rapporterast i a-meldinga

    For utleggstrekk som er pålagt etter tidlegare regelverk gjeld det nokre unntak for kva som skal rapporterast i a-meldinga:

    Utleggstrekk som er lagt ned i utbetalingar til sjølvstendig næringsdrivande eller andre ytingar det ikkje skal gjennomførast forskottstrekk i, skal ikkje rapporterast i a-meldinga. Det same gjeld for private arbeidsgivarar og velgjerande eller allmennyttige institusjonar eller organisasjonar som er omfatta av forenkla oppgjersordning, sjå a-opplysningsforskrifta § 3-1 andre ledd. Utleggstrekk i desse tilfella skal rapporterast på særskilt oppgjersskjema.

    Utleggstrekk som er lagt ned til dekning av enkelte krav er unntatt frå rapportering i a-meldinga. Dette gjeld til dømes krav på meirverdiavgift, særavgifter, toll, petroleumsskatt og så bortetter. 

    Les meir om utleggstrekk

    Les meir om gjennomføring av utleggstrekk

    Merk: Skattebetalingshandboka er ikkje oppdatert med endringar i ny innkrevjingslov 1. januar 2026.  Ny versjon kjem i løpet av 2026.

     

    Korleis skal du berekne utleggstrekket der det er lagt ned eit prosenttrekk?

    For utleggstrekk skatt etter gammalt regelverk skal arbeidsgivar berekne storleiken på trekket ut frå bruttolønn. Utleggstrekk blir berekna av det same grunnlaget som forskottsstrekket.

    For samordna utleggstrekk etter nytt regelverk skal naturalytingar og utgiftsgodtgjeringar haldast utanfor grunnlaget.  

    Reglane om trekkfridom for éin månad om sommaren og for ein halv månad før jul gjeld ikkje for utleggstrekk.

     

    Når skal du rapportere?

    Du skal gi opplysningar om utleggstrekk i a-meldinga kvar månad du har gjennomført eit trekk.

     

    Dette skal du oppgi i a-meldinga:

    Utleggstrekk skatt eller utleggstrekk samordna

     

    Beløp utleggstrekk

    - x kroner

    Datoen for utleggstrekket

    dato

     

    Sjå frister og betaling i a-meldinga

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-280
    Ugyldig beløp
    MAGNET_EDAG-293
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-294
    Feil i utleggstrekk
    MAGNET_EDAG-295
    Oppgitt utleggstrekk å betale er feil

    Ved feil i utleggstrekket denne terminen, skal utleggstrekket og a-meldinga korrigerast på den kalendermånaden som inneheld feilen.

    Ved feil i utleggstrekk som gjeld tidlegare terminar, avklar ein eventuell korreksjon av utleggstrekk og a-melding nærare med Skatteetaten. Bruk kontaktskjema RF-1306, oppgi referansen i det mottekne trekkpålegget og forklar kva saka gjeld.

     

    Det er trekt for mykje utleggstrekk

    Rett opp dersom utleggstrekket ved ein feil har blitt rekna ut for høgt, eller dersom det har blitt trekt i ei godtgjersle eller yting som ikkje er omfatta av trekkpålegget.

    Slik rettar du

    1. Betal tilbake til inntektsmottakaren det du har trekt for mykje.
    2. Rett utleggstrekket i a-meldinga for kalendermånaden som inneheldt feil trekk. Ved bruk av lønnssystem kan du sjekke med systemleverandøren din dersom du er usikker på korleis du rettar i systemet.
    3. Du får trekket tilbakebetalt frå Skatteetaten.
    4. Ikkje gjer endringar i a-meldinga dersom du ikkje betaler tilbake. Inntektsmottakaren må kontakte Skatteetaten for å få tilbakebetalt det som er trekt for mykje.

    Døme – tilbakebetaling av utleggstrekk

    Janne har eit utleggstrekk på 30 prosent. Arbeidsgivar har ved ein feil rekna ut utleggstrekket av den trekkfrie bilgodtgjersla.

    A-melding for januar
    Opphavleg

    Fastlønn   60 000
    Trekkfri bilgodtgjerlse   4 000
    Forskotstrekk - 20 000
    Utleggstrekk - 19 200

    Arbeidsgivar oppdagar feilen, betaler 1 200 kroner til Janne og sender ny a-melding for januar.

    A-melding for januar

    Utleggstrekk  1 200

    Samla utleggstrekk for Janne i januar: 18 000 kroner.

     

    Kva bruker vi opplysningane til

    Skatteetaten bruker opplysningane til å krevje inn og kontrollere gjennomført utleggstrekk.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring