Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Yrkeskode

  • Oppdatert: 30.11.2021

Bruk berre yrkeskodar frå Statistisk sentralbyrå sin yrkeskatalog. Yrkeskoden bestemmer ein ut ifrå arbeidsoppgåvene, ikkje utdanningsnivå eller stillingstype.

    Kort om yrkeskode

    Yrkeskode er ein 7-sifra kode som finst i yrkeskatalogen hjå Statistisk sentralbyrå (SSB).

    Det er berre desse kodane frå SSB som kan nyttast. Dersom du fører opp ein kode som ikkje finst i katalogen (som til dømes 0000 000 eller 9999 999) blir a-meldinga avvist.

    Yrkeskoden bestemmer ein ut ifrå dei konkrete arbeidsoppgåvene til arbeidstakaren, ikkje utdanningsnivå eller stillingstype. Det er opp til arbeidsgivar å vurdere kva for yrkeskode som er rett.

    Spørsmål om yrkeskoder kan sendes til [email protected]. 

    Døme

    Otto er utdanna røyrleggjar, men jobbar som vaktmeister på ein skule. For Otto er koden for vaktmeister, 5163 121 rett. Ikkje koden for røyrleggjar, 7134 114.

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må føre opp yrkeskode for alle ordinære og maritime arbeidsforhold, og for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar

    Du skal ikkje føre opp yrkeskode dersom type arbeidsforhold er pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold. Det siste gjeld for eksempel personar som berre mottar utgiftsgodtgjerlser.

     

    Når skal du rapportere

    Før opp yrkeskode den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.

     

    Engelske yrkestitlar

    Yrkestitlane i yrkeskatalogen er i hovudsak basert på norske yrkestitlar. For arbeidstakarar med engelske yrkestitlar, må du finne ein passande norsk yrkestittel i yrkeskatalogen og oppgi koden for denne. Som tidlegare nemnt skal yrkeskoden bestemast av dei konkrete arbeidsoppgåvene i jobben, og det er opp til arbeidsgivar å vurdere kva yrkeskode som er riktig.

     

    Yrkeskode for leiarar

    Yrkeskodar for leiarar startar med 1 i første siffer. Yrkeskodar for leiarar blir nytta for tilsette som har eit breitt sett av leiaroppgåver som inneber fag-, personal- og økonomiansvar. Berre fagleg leiing er ikkje nok. Om du har få ansatte og det meste av tida til leiaren går med til å delta i produksjonen, skal du ikkje bruke yrkeskode for leiar. Bruk da yrkeskode for den aktuelle arbeidsoppgåven.

     

    Døme

    Nora jobbar som ferskvaresjef i ein butikk. For Nora er koden 5221 135 «ferskvaresjef» eller 5221 102 «avdelingssjef (butikk)» rett.

    Per har eiget snekkerfirma organisert som eit AS utan ansatte. Han gjer opp yrkeskode 7421118 Snekker på seg sjølv.

     

    Fleire arbeidsoppgåver i eitt arbeidsforhold

    Dersom eitt arbeidsforhold består av fleire arbeidsoppgåver, skal du føre opp yrkeskoden som gjeld dei arbeidsoppgåvene den tilsette jobbar mest med. Er delane like store, vel du koden med det lågaste talet.

     

    Byte av arbeidsoppgåver

    Dersom ein tilsett har bytt arbeidsoppgåver sidan du sist sende a-melding og du skal endre yrkeskode, fører du opp ny yrkeskode frå og med månaden den tilsette bytte arbeidsoppgåver.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-115
    Ugyldig yrkeskode
    MAGNET_EDAG-187-4
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-187-7
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-273
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-281
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-291
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du ført opp feil yrkeskode og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemelding (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.

     

    Døme 

    Emma jobbar som snikkarlærling i eit byggjefirma. Ho blei ved ein feil oppgitt med yrkeskode 7242 126 Produktansvarleg (alarmanlegg) i månadene frå januar til juni.

    I juni oppdagar byggjefirmaet at koden for snikkarlærling er 7421 126. Dei må føre opp den rette koden frå og med a-meldinga for juli.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane i statistikk. Yrkeskode er ein viktig variabel når ein forhandlar om lønn eller arbeider med å redusere sjukefråværet og betre arbeidsmiljøet.

    NAV nyttar opplysningane i statistikk og også når dei trekkjer ut ulike yrkesgrupper.

    Opplysningar om yrkeskode blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei.  Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.



    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Forskrift om AA-registeret § 6

    • Statistikkloven § 10

    • Folketrygdloven § 25-1

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring