Barnepensjon frå folketrygda - UTGÅTT
Blir berre nytta av Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Gjeld barnepensjon frå folketrygda, for utbetalingar frå og med 2024.
Nytt frå 2025
Denne nemninga er gyldig frå og med januar 2024 til og med desember 2024. Brukar du denne nemninga for periodar før 2024 vil a-meldinga bli avvist. Frå 2025 skal nemninga berre brukes når du rapporterar etterbetalingar for periodar i 2024.
Kort om barnepensjon frå folketrygda
Før opp barnepensjon etter folketrygdlova kapittel 18. Barnepensjonen skal førast opp på barnet.
Føremålet med barnepensjon er å sikre inntekt til barn når ein eller begge av foreldra er døde.
Nemninga blir berre nytta for ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV).
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, barnepensjon frå folketrygda etter 2024 |
Trekkpliktig | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel - | |
Tilleggsinformasjon: |
|
Periode (ved etterbetaling) | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «barnepensjon frå folketrygda etter 2024».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Unnatak:
Det er gitt eit særskilt trekkfritak for barnepensjon frå folketrygda.
Frivillig forskotstrekk i barnepensjon skal du som hovudregel føre opp med nemninga barnepensjon, sjå nærmare informasjon om forskottstrekk på barnepensjon.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Tilleggsinformasjon
- Periode (gjeld berre ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Etterbetale
Skal du etterbetale, fører du opp beløpet og perioden det gjeld for i den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Dersom du skal etterbetale beløp som tilhøyrer 2023 eller tidlegare år må du bruke nemninga Barnepensjon frå folketrygda.
Døme
NAV skal etterbetale 10 000 kroner til William for perioden 1. januar 2024 til 31. desember 2024.
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2024 til 31. desember 2024 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Fleire inntektsår
Dersom etterbetalinga gjeld fleire inntektsår, skal beløpet delast opp i éin transaksjon per inntektsår.
Døme
NAV skal etterbetale 20 000 kroner til Ella for perioden 1. januar 2024 til 31. desember 2025.
2024 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2024 til 31. desember 2024 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
2025 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2025 til 31. desember 2025 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-248 Ulogisk periode |
MAGNET_EDAG-260 Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk