Betaling frå fond for idrettsutøvarar
Gjeld utbetalingar frå fond for idrettsutøvarar.
Kort om betaling til fond for idrettsutøvarar
Oppgi ytingar som er betalt inn på idrettsutøvaren sin konto i godkjent fond for idrettsutøvarar. Det er den institusjonen som betaler inn, som har opplysningsplikt.
For aktive idrettsutøvarar kan ein opprette fond etter «Standard vedtekter for særforbundenes fond for aktive idrettsutøvere», godkjende av Finansdepartementet.
Når utøvaren sluttar
Når utøvaren sluttar som aktiv idrettsutøvar, skal det inneståande på fondet utbetalast over ein periode på inntil seks år. Ordninga inneber ei utsetjing av skatt ettersom utøvaren ikkje betaler skatt før midla blir tekne ut av fondet, og dermed kan oppnå avkastning av midlar som elles ville blitt brukt til å betale skatt.
Trekkfrie utgiftsgodtgjersler
Trekkfrie utgiftsgodtgjersler skal du ikkje føre opp som «betaling frå fond til idrettsutøvar», men i aktuelle nemningar for trekkfrie utgiftsgodtgjersler.
Renter
Du skal ikkje føre opp renter som er utbetalt frå fondet i a-melding, men som grunnlagsdata (saldo og renteoppgåve) frå fondet.
Sjå meir informasjon om korleis du skal rapportere renter
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, fond for idrettsutøvarar |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Oppgi «kontantyting» og «fond for idrettsutøvarar».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga. Arbeidsgivaravgift er allereie berekna ved innbetaling til fondet.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom idrettsutøvaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Oppgi ytinga den kalendermånaden du har betalt ut beløpet. Det er fondsstyret som er opplysningspliktig.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk