Bonus opptent i utlandet tidlegare år
Gjeld bonus som er opptent i utlandet i tidlegare år.
Kort om bonus opptent i utlandet tidlegare år
Før opp bonus som er opptent i utlandet, men som først blir utbetalt etter at opphaldet i utlandet er avslutta.
Inntektsmottakaren kan vere skattemessig busett i Noreg eller i utlandet. Du må difor føre opp beløpet som «bonus opptent i utlandet i tidlegare år» for rett skattemessig handsaming. Du skal oppgi utbetalinga i den kalendermånaden utbetalinga er foreteke, uavhengig av når den er opptent.
Unnatak
Det er ikkje opplysningsplikt når inntektsmottakaren:
- ikkje er skattemessig busett i Noreg, og
- utbetalinga skal belastast ein fast driftsstad som arbeidsgivaren har i eit land som Noreg har skatteavtale med.
Norske skatte- og avgiftsmyndigheiter har i praksis lagt til grunn at det ikkje gjeld lønnsopplysningsplikt for lønn og anna godtgjersle knytt til arbeid utført utanfor norsk territorium, dersom arbeidsgivaren ikkje er skattemessig heimehøyrande i Noreg.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, bonus |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Dersom inntekta er opptent i utlandet eller på norsk kontinentalsokkel:
Oppteningsland | landkode |
Opptent på kontinentalsokkel | ja/nei |
Les meir om rapportering av lønn og anna godtgjersle for arbeid utført i utlandet.
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «bonus».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Du kan òg late vere å gjennomføre forskotstrekk for arbeid utført i utlandet. Dette gjeld til personar som ikkje er busette i Noreg eller mellombels oppheld seg her.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Døme
Arbeidsgiver utbetalar bonus til Per i desember 2024 på kr 200 000. Per har opptent bonusen i Tyskland i perioda 2020-2023. Arbeidsgiver oppgir bonusutbetalinga i a-meldinga for desember 2024.
Beløp | 200 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, bonus |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
Tilleggsinformasjon: |
|
Oppteningsland | DE |
Opptent på kontinentalsokkel | nei |
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten nyttar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk